Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Vestland krev filmar på nynorsk

PS 109/26 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Vestland vil ha filmar på nynorskVedtatt

    Alternativforslag fra Alexander Fosse Andersen (Sp)

    Forslagsteksten

    Vestland vil ha filmar på nynorsk Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i nynorskkommunar. I nynorskområda finn me òg over 45 prosent av bygdekinoane. Likevel har det ikkje kome ein einaste kinofilm med nynorsk underteksting etter 2020. På strøymetenestene er òg nynorsk usynleg. Dette meiner Vestland fylkesting ikkje er akseptabelt. Skal nynorsk vere eit likeverdig skriftspråk med bokmål, må folk få høve til å møte nynorsk på kinoar og når dei loggar seg på strøymetenester som til dømes Netflix. Eitt tiltak kan vere at staten stiller språkkrav når det vert gjeve støtte til norske filmar. Vestland fylkesting meiner vidare at filmar som ligg an til å bli dei største kassasuksessane må ha teksting på både nynorsk og bokmål og at informasjonsmateriell ligg føre på begge skriftspråka. Det bør i tillegg vere krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene må vere på nynorsk. Filmar som blir vist gjennom Den kulturelle skulesekken må vere teksta både på nynorsk og bokmål. Å vere trygg nynorskbrukar handlar mellom anna om å få møte eige skriftspråk i kvardagen. For mange vil det seie å få møte nynorsk på kino og strøymetenester. Vestland fylkesting ynskjer fleire trygge nynorskbrukarar og ber difor om tiltak som aukar delen nynorskteksting på kinofilmar og strøymetenestene. Fråsegna vert sendt til: - Regjeringa v/ Kultur- og likestillingsdepartementet - Familie- og kulturkomiteen på Stortinget - Stortingsbenkane frå Vestland - Norsk filminstitutt

    49 for · 9 mot

    • H 13 for
    • A 12 for
    • Sp 6 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • Uavh. 1 for / 1 mot
    • INP 1 mot
    • FrP 7 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.