Fråsegn: Snu normaliseringa av narkotika blant unge
Voteringer
- Framlegg til fråsegn "Snu normaliseringa av narkotika blandt unge"Falt
Alternativforslag fra Trude Brosvik (KrF)
Forslagsteksten
Fråsegn frå Vestland fylkesting: Snu normaliseringa av narkotika blant unge Narkotika- og rusbruk hindrar ungdom i å realisere potensialet sitt, fører til utanforskap, uhelse og sosial liding, og øydelegg familiar. Det skjer ei tydeleg normalisering av narkotika blant ungdom og unge vaksne. EUs narkotikabyrå (EUDA) la 9. juni fram European Drug Report 2026, som viser at Noreg ligg på toppen i Europa i sjølvrapportert kokainbruk blant unge vaksne (16-30 år). Helsedirektoratet meiner auka tilgjenge er ei viktig forklaring. Bruk av kokain er i stor grad knytt til festkultur og uteliv, gjerne i kombinasjon med alkohol. Fagfolk som arbeider med førebygging, peikar på normaliseringa av rusbruk, og på organisasjonar som arbeider for liberalisering, som negative drivkrefter. Helsedirektøren oppmodar vaksne om ikkje å gje ungdom inntrykk av at det er greitt å bruke rusmiddel på fest. I media har ungdomar sjølve fortalt om kokainbruk i russemiljø. Kripos er tydeleg på at auka bruk av narkotika gjev ein større marknad for smugling og narkotikahandel, og at dette styrker kriminelle nettverk og aukar valdsbruken. Vestland fylkeskommune vil sjølv: • innarbeide rusførebygging i fylkeskommunale planar og etablere samarbeid med andre aktørar på feltet • styrke rusfrie tilbod i den vidaregåande skulen og ha gode rutinar for haldningsskapande arbeid og informasjon til elevar og føresette • Gjere Vestland fylkeskommune til ein «Av-og -til-kommune» gjennom auka samarbeid med alkovettorganisasjonen Av-og-til om førebygging av rus- og alkoholskadar gjennom haldningsskapande arbeid, godt alkovett og trygge oppvekstmiljø • At Vestland fylkeskommune arbeider for eit styrka ettervern, der den enkelte etter avslutta rehabilitering får hjelp til fast jobb, fast bustad og oppfølging Vestland fylkesting ber nasjonale styresmakter om: • At arbeidet med det kunnskapsbaserte programmet for førebyggande arbeid blant born og unge må bli prioritert ferdigstilt og implementert • å styrkje Tolletaten for å avdekkje meir narkotikasmugling. Vestlandskysten er nærast open for smugling, og Vestland Fylkesting ber om ressursar til Tollvesenet som avdekker og hindrar ilandføring. • å gje skulehelsetenesta i vidaregåande skule rett til å tilvise ungdom med rusutfordringar til dei kommunale rådgjevande einingane for russaker Fråsegna blir sendt til Regjeringa v/ Helse- og omsorgdsepartementet, Barne- og familiedepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet Og til tilsvarande komitear i Stortinget I vår eigen organisasjon blir det formidla til rette avdelingar
6 for · 50 mot
- KrF 3 for
- Uavh. 2 for
- INP 1 mot
- PP 1 mot
- R 2 mot
- MDG 3 mot
- SV 1 for / 4 mot
- V 3 mot
- FrP 6 mot
- Sp 6 mot
- A 11 mot
- H 13 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.