Atløysambandet - Oppdatering av økonomiske prognosar og oversyn over eventuelle naudsynte utbetringar på tilstøytande vegnett
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget legg til grunn at Atløysambandet skal realiserast innanfor vedteken kostnadsramme basert på framforhandla tilbod, og gir fylkesdirektøren fullmakt til å inngå kontrakt for sambandet. 2. Fylkestinget legg til grunn at kommunale vegar ikkje skal inngå i fylkeskommunale vegsamband, og ber om at det vert starta eit arbeid med formell omklassifisering av den kommunale vegen Olsetvegen mellom Askvoll skule og Olset over Askvika. 3. Bygging av eit nytt ferjeleie på Vilnes og utbetring av vegane på Atløy til å tilfredsstille krava til 19,5 meter vogntoglengde og tilstrekkeleg bereevne for bk 10/50, må vurderast i dei årlege rulleringane av Regional transportplan – Investeringar, og opp mot andre prioriterte behov på fylkesvegnettet.
Voteringer
- Fylkesdirektørs opprinnelige innstillingFalt
Alternativforslag fra Nils-Anders Nøttseter (MDG, Uavh.)
Forslagsteksten
1. Fylkestinget merkar seg at det er ein utfordrande budsjettsituasjon. Fylkestinget registrerer også at kostnadene til Atløysambandet har auka betydeleg etter tilsegn om ferjeavløysingsmidlar vart gjeve, og at ferjedrifta er blitt rimelegare enn tidlegare lagt til grunn. Ferjeavløysingsmidlane følgjer heller ikkje kostnadsutviklinga for vegprosjekt. Fylkestinget er uroa over den økonomiske risikoen med høgare rentenivå, og at det er usikkert om prosjektet vil få tilført rentekompensasjonsmidlar. 2. Fylkestinget legg til grunn at for å få full nytte av investeringane i Atløysambandet er det behov for utbetring av fylkesvegen på Atløy. Ei eventuell flytting av ferjeleie for sambandet til Værlandet frå Askvoll til Vilnes vil også krevje store investeringar. Ut i frå fylkeskommunen sin økonomiske situasjon, vil det vere krevjande å gjennomføre desse tiltaka samtidig som det er andre store behov på fylkesvegnettet i heile Vestland. 3. Vestland fylkeskommune har høg gjeldsgrad. Det er store utfordringar i tida frametter for å finansiere opp dei fylkeskommunale tenestene. Atløysambandet vil gje så store utslag på fylkeskommunen si låneportefølje at det ikkje er forsvarleg å realisere prosjektet utan betydelege statlege bidrag. Fylkestinget vil på dette grunnlaget avlyse konkurransen for Atløysambandet, og ikkje realisere prosjektet med mindre ferjeavløysingsordninga blir vesentleg betra. 4. Fylkestinget tek gjennomgang av økonomiske føresetnader og oppdatering av prognosar, samt forprosjekt for fv. 5660 og inspeksjonsrapport for bruene Askvika 1 og Askvika 2, til vitande.
23 for · 42 mot
- A 8 for / 4 mot
- MDG 3 for
- PP 1 for
- Sp 4 for / 3 mot
- Uavh. 2 for / 1 mot
- R 1 for / 1 mot
- Bergenslisten 1 mot
- FrP 4 for / 5 mot
- INP 1 mot
- KrF 3 mot
- V 3 mot
- SV 5 mot
- H 15 mot
- InnstillingFalt
43 for · 22 mot
- H 15 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- V 3 for
- Bergenslisten 1 for
- FrP 5 for / 4 mot
- INP 1 for
- Sp 4 for / 3 mot
- R 1 for / 1 mot
- PP 1 mot
- Uavh. 1 for / 2 mot
- MDG 3 mot
- A 4 for / 8 mot
Andre behandlinger
- 15. juni 2026 Fylkesutvalet: Atløysambandet - Oppdatering av økonomiske prognosar og oversyn over eventuelle naudsynte utbetringar på tilstøytande vegnett
- 11. juni 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Atløysambandet - Oppdatering av økonomiske prognosar og oversyn over eventuelle naudsynte utbetringar på tilstøytande vegnett
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.