Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Forvaltningsrevisjon, Fylkeskommunen som pådrivar innan klimaomstilling

PS 57/26 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

På bakgrunn av gjennomført forvaltningsrevisjon, Fylkeskommunen som pådrivar innan klimaomstilling ber fylkestinget at fylkesdirektøren set i verk følgjande tiltak:

1. Sikre ei sameint forståing av klimamålet sitt verkeområde og sørgje for at ansvaret er tydeleg definert for einskilde einingar, til dømes gjennom delmål eller tydelege forventningar.

2. Sikre systematisk oppfølging av at klimakrav vert stilt og følgt opp i det einskilde vegprosjekt i samsvar med etablerte rutinar. Dette inkluderer å sikre at fylkeskommunen følgjer opp at leverandørar rapporterer på klimakrava som er stilt.

3. Sameine kva som skal vere formålet med klimabudsjettet. Dersom målet er at klimabudsjettet skal nyttast som eit aktivt verktøy for prioritering og styring, bør fylkeskommunen gjennomgå prosessar for å sikre at tiltak i størst mogleg grad vert presenterte med talfesta klimaeffekt og kostnad.

4. Vurdere innretninga av klimarapporteringa for å sikre at ho gjev ei god oversikt over korleis fylkeskommunen ligg an mot klimamålet, og for å måle framgang og effekt av einskilde tiltak over tid.

5. Vurdere korleis rettleiingsarbeidet kan rettast meir systematisk mot kommunar med størst behov, og gjerast mindre sårbart for endringar i ressursar og bemanning, slik at kommunane vert sikra tilstrekkeleg kontinuitet i oppfølginga.

6. Vurdere å formalisere rutinar for kostnads- og klimaeffektvurderingar i store kollektivanskaffingar og etablere ein prosess for erfaringsoverføring og evaluering av faktiske klimaeffektar på tvers av prosjekt.

7. Utarbeide ei felles, skriftleg rettleiing for korleis klimakrav og val av verkemiddel vert vurdert og dokumentert i kollektivanskaffingar. Rettleiinga bør mellom anna sikre at val av minstekrav vert konkret grunngjeve i anskaffingsdokumenta for kvar einskild anskaffing, i samsvar med anskaffingsforskrifta § 7-9 (4), samstundes som det vert lagt til rette for fleksibilitet og fagleg skjøn i den einskilde sak.

8. Operasjonalisere dei overordna klimamåla gjennom konkrete delmål og indikatorar for klimaeffekt i tilskotsordningane, og stille krav om rapportering på klimaeffekt, slik at fylkeskommunen kan vurdere om midlane vert nytta mest mogleg effektivt for å nå klimamåla.

9. Det vert utarbeida ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 01.11.2026 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.

Voteringer

  1. InnstillingFalt

    50 for · 0 mot · enstemmig

  2. Alternativt framlegg FrPFalt

    14 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.