Inkludering i fag- og yrkesopplæringa - Vestland fylkeskommune som regional pådrivar
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Innstilling frå fylkesutvalet 02.06.2026 1.Fylkestinget slår fast at inkluderande formidlingsprosessar er eit overordna regionalt kompetansepolitisk mål og at ein må syte for å fjerne hindringar som einskilde i dag vert utsette for. 2.Fleire unge må få moglegheit til å fullføre eit yrkesfagleg opplæringsløp gjennom tilpassa opplæring, tett oppfølging og gode overgangar mellom skule og arbeidsliv. Inkluderingsarbeidet må skje i tett samarbeid med lærebedrifter, opplæringskontor, Nav, kommunar og partane i arbeidslivet. 3. Eit inkluderande arbeidsliv og eit godt læringsmiljø i bedrift er avgjerande for å førebyggje fråfall og utanforskap. Fleire lærebedrifter må få støtte og rettleiing til å ta inn lærlingar med behov for tilrettelegging, slik at fleire kan gjennomføre læretida og oppnå fagbrev. Fylkestinget ber fylkesdirektøren syte for at Rettleiingstenestene har dei verktøya dei treng for å gjere overgangane best mogleg, blant anna må prosessen knytt til fullføringsmidlar forenklast. 4. Fylkestinget oppmodar alle lærebedrifter om å prioritere søkjarar med særlege utfordringar til læreplass. Fylkestinget forventar at offentlege lærebedrifter, inkludert kommunane og Vestland fylkeskommune sjølv, går føre og prioriterer søkjarar med særlege utfordringar i formidlingsprosessen. I dei tilfella Vestland fylkeskommune har produksjon i aktuelle fag, skal fylkeskommunen som lærebedrift tilstrebe å tilby ikkje-formidla kvalifiserte søkjarar lærekontrakt framfor alternativ opplæring i skule. 5. Samarbeid om inkludering i fag- og yrkesopplæringa skal vere tema i fylkeskommunen sin dialog med kommunane.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
64 for · 0 mot · enstemmig
- Tillegg til punkt 1Vedtatt
Tilleggsforslag fra Jon Olav Økland (Uavh., KrF)
Forslagsteksten
Vestland fylkeskommune har, som regional pådrivar, eit særleg ansvar for å skape haldningar som følgjer opp lovkrava rundt likeverd (CRPD).
64 for · 0 mot · enstemmig
- Tillegg til punkt 2Vedtatt
Tilleggsforslag fra Jon Olav Økland (Uavh., KrF)
Forslagsteksten
Det må vere ope for å ta læretida over lengre tid for ungdomar som ikkje har helsemessig kapasitet til ei 100 %-stilling.
64 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 2. juni 2026 Fylkesutvalet: Inkludering i fag- og yrkesopplæringa - Vestland fylkeskommune som regional pådrivar
- 20. mai 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Inkludering i fag- og yrkesopplæringa - Vestland fylkeskommune som regional pådrivar
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.