Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Arbeid mot negativ sosial kontroll og vald relatert til ære

PS 89/26 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå fylkesutvalet 21.05.2026 1) Fylkestinget slår fast at negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er alvorlege brot på grunnleggjande rettar og fridommar. Alle har rett til å leva frie liv utan frykt, press eller tvang. Fylkestinget meiner det er eit offentleg ansvar å førebyggja og hindra slik kontroll og vald, gjennom tydelege tiltak og aktiv innsats frå kommune, fylkeskommune og stat.

2) Vestland fylkeskommune skal styrkja innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald gjennom tiltak innan vidaregåande opplæring og det regionale integreringsarbeidet. Arbeidet skal særleg rettast mot tettare oppfølging av elevar i risikosituasjonar, kompetanseheving for tilsette og styrkt samarbeid mellom skule og hjelpeapparat.

3) Vestland fylkeskommune skal styrkja og systematisera kompetansehevinga om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for tilsette innan opplæring, integrering og folkehelse. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med det nasjonale kompetanseteamet og andre relevante aktørar. Fylkestinget legg til grunn at kompetansehevinga skal prioriterast og ha eit omfang som sikrar at tilsette som møter utsette menneske i kvardagen, har tilstrekkeleg kunnskap og handlingskompetanse.

4) Vestland fylkeskommune skal vidareføra og styrkja samarbeidet i Vestlandsnettverket, og utnytta eksisterande ressursar og kompetanse i nettverket i større grad, inkludert bruk av endringsagentar.

5) Fylkestinget forventar at staten styrkjer ordninga med mangfaldsrådgjevarar i vidaregåande opplæring, og legg til grunn at talet på rådgjevarar i Vestland blir auka og betre geografisk fordelte. Fylkesdirektøren får i oppdrag å følgja dette opp mot nasjonale styresmakter, inkludert spørsmål om arbeidsgjevaransvar.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    59 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 21. mai 2026 Fylkesutvalet: Arbeid mot negativ sosial kontroll og vald relatert til ære
  • 20. mai 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Arbeid mot negativ sosial kontroll og vald relatert til ære
  • 12. mai 2026 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Arbeid mot negativ sosial kontroll og vald relatert til ære

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.