Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Utviklingsstrategi for arm til Bergen

PS 90/26 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Innstilling frå fylkesutvalet 21.05.2026 1. Fylkestinget meiner at utviklingsstrategien for Arm til Bergen legg eit godt grunnlag for vidare arbeid med å utvikle ein framtidig transportkorridor mellom E134 og Bergensområdet. Fylkestinget føreset at utviklingsstrategien vert følgt opp i komande rulleringar av Nasjonal transportplan. 2. Fylkestinget i Vestland støttar tilrådinga i utviklingsstrategien for Arm til Bergen om at i første trinn må løysingar forbi Tokagjelet, Nordrepollen-Austrepollen og Oddadalen prioriterast. 3. Fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen-Austrepollen skal framleis prioriterast høgast av store rassikringsprosjekt i Vestland, og bli gjennomført som fylkesvegprosjekt. Fylkestinget viser til at desse prosjekta kan bli del av framtidig riksveg, og meiner at staten må styrkje rassikringsløyvinga til Vestland slik at fylket er i stand til å løyse utfordringane på desse to strekningane saman med andre store behov for rassikring i fylket.

4. Fylkestinget vil kome tilbake til rv. 13 Oddadalen i samband med prosessen for Nasjonal transportplan 2029-2040. 5. Fylkestinget viser til at bygging av bru over Hardangerfjorden vil endre vegen sin funksjon frå primært å vere eit samband mellom Bergensregionen og Hardanger, til å bli eit meir sentralt aust–vest-samband. Fylkestinget legg difor til grunn at bru over Hardangerfjorden må bli planlagt og bygd som eit riksvegsamband, saman med andre tiltak i trinn 2 i utviklingsstrategien.

6. Fylkestinget ber fylkesordførar arbeide vidare opp mot sentrale styresmakter saman med interkommunalt politisk råd for arm til Bergen for å sikre realisering av tiltaka i utviklingsstrategien. 7. Fylkestinget meiner at på sikt, når dei store prosjekta langs vegen vert realisert, må ein og sjå på dei trafikale utfordringane i sentrumsområda i Odda og Norheimsund.

Voteringer

  1. Innstillinga unnateke punkt 5Vedtatt

    59 for · 0 mot · enstemmig

  2. Innstillinga punkt 5Vedtatt

    49 for · 0 mot · enstemmig

  3. Nei til ny bru over HardangerfjordenFalt

    10 for · 0 mot · enstemmig

  4. tillegg punkt 7.Vedtatt

    59 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 21. mai 2026 Fylkesutvalet: Utviklingsstrategi for arm til Bergen
  • 11. mai 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Utviklingsstrategi for arm til Bergen

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.