E39 Svegatjørn - Rådal - Alternativt bompengeopplegg på sideveg
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling frå fylkesutvalet 21.05.2026 1. Fylkestinget konstaterer at det ikkje er lokalpolitisk ønskje om å gå inn for Statens vegvesen sitt framlegg om to-bomsløysing med omvendt timesregel på sideveg til E39 Svegatjørn - Rådal, der det blir innført bompengar for køyring mot kommunesenter. Det er difor ikkje aktuelt å fremje dette som sak. 2. Under føresetnad av tilslutnad i Bergen og Bjørnafjorden kommunar, ber fylkestinget om at fylkesordførar tek eit initiativ ovanfor samferdselsministeren om å gje opning for å fremje sak for Stortinget om reduserte takstar på sidevegsbommane på E39 Svegatjørn-Rådal. 3. Fylkestinget legg til grunn at takstane på sideveg bør setjast slik at det blir reell takstreduksjon på sideveg, utan at det blir vesentleg trafikklekkasje til sideveg. 4. Fylkestinget viser til at prognosane for inntekter for E39 Svegatjørn-Rådal viser at prosjektet kan nedbetalast raskare enn føresett. Reduserte takstar bør ut i frå dette finansierast innanfor gjeldande rammer gitt i prop. 134 S (2013-1014) for innkrevjingstid, og utan auka takstar på E39 ved Endelausmarka.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
58 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 21. mai 2026 Fylkesutvalet: E39 Svegatjørn - Rådal - Alternativt bompengeopplegg på sideveg
- 11. mai 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: E39 Svegatjørn - Rådal - Alternativt bompengeopplegg på sideveg
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.