Reglement for folkevalde organ og delegering
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling frå fylkesutvalet 02.06.2026
1. Fylkestinget vedtek følgjande endringar i reglement for delegering etter særlov:
a. Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven) av 29.05.1981 nr. 38 § 3 vert fjerna. b. Lov om folkehøyskoler (folkehøyskoleloven) av 06.12.2002 nr. 72 vert erstatta av lov om folkehøgskoler (folkehøgskoleloven) av lov 20. juni 2025 nr. 99, med slik delegering:
§ 3 Hovudutval for opplæring og kompetanse har mynde til vurdering av søknad om godkjenning av folkehøgskoler.
c. Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) av 04.07.2003 nr. 83 med forskrifter vert erstatta av lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven) av 13.12.2024 nr. 76, med slik delegering: Fylkesdirektøren har mynde til å ivareta fylkeskommunen sine rettar og plikter og til å opptre på vegner av fylkeskommunen overfor tilsynsstyresmakter. d. Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) av 04.07.2003 nr. 84 vert oppdatert med slik delegering:
§ 3-1 Fylkesdirektøren skal vurdere realkompetansen til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved ein vidaregåande privatskule.
§ 3-3
Fylkesdirektøren gjer vedtak om omval for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova, i tråd med opplæringslova § 5-5.
§ 3-5 Fylkesdirektøren har mynde til å vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Fylkesdirektøren kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæring i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
Fylkesdirektøren gjer vedtak om å dekkje utgiftene til særskild språkopplæring.
§ 3-6 Fylkesdirektøren gjer vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6, jf. § 11-7. Fylkesdirektøren har mynde til å dekkje utgiftene. § 3-7 Fylkesdirektøren har mynde til å gjere vedtak om skyss for elevar i privatskular. Fylkesdirektøren har mynde til å dekkje utgifter etter reglane i opplæringslova § 28-7. § 3-10
Fylkesdirektøren har mynde til å gjere vedtak om bortvising frå resten av skuleåret. Slikt vedtak kan ikkje delegerast vidare til den enkelte skulen.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
59 for · 0 mot · enstemmig
- Framlegg til nytt punkt 2:Falt
Tilleggsforslag fra Hege Lothe (R, MDG, H, Sp, A, SV, Uavh., KrF)
Forslagsteksten
Hovudutval for opplæring og kompetanse treng nytt namn som følgje av utviding av ansvarsområde. Fylkestinget ber administrasjonen levere sak til hovudutvalet med sikte på å få saka til handsaming i fylkestinget innan rimeleg tid.
43 for · 15 mot
- H 14 for
- A 12 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- R 2 for
- PP 1 for
- V 2 for / 1 mot
- INP 1 mot
- Uavh. 2 mot
- Sp 1 for / 4 mot
- FrP 7 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.