Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Overgang frå vg2 yrkesfag - handlingsrom, utvikling og moglege tiltak i Vestland

PS 98/26 · Fylkestinget 16. juni 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Innstilling frå fylkesutvalet 02.06.2026

1. Fylkestinget tek saka til orientering.

2. Dimensjonering av yrkesfagklassar skal kvart år ta utgangspunkt i dokumentert behov for fagarbeidarar frå opplæringskontora og arbeidslivet i regionen. Der det over tid er systematisk underdekning av læreplassar i eit utdanningsprogram, skal administrasjonen leggje fram forslag om reduksjon i klassetal for det aktuelle programmet.

3. Fylkestinget ber om at det vert utarbeidd ein tiltaksplan for å auke overgangen frå vg2 til læretid, som kan sendast på høyring til aktuelle instansar.

4. Tiltaksplanen skal innehalde moglege tiltak for skular med ein vedvarande høg del elevar som går til vg3 påbygging, med mål om å auke rekrutteringa til lærefaga. Tiltaksplanen skal vidare vurdere strategisk geografisk plassering av vg3 påbygg-tilbod, mellom anna om tilbodet bør reduserast eller flyttast ved skular der søkjartala til påbygg vedvarande er høge og moglegheitene for læreplass er gode, og om distriktsskular bør prioriterast.

5. Tiltaksplanen skal innehalde ei berekna oversikt over kor mange vg3 påbygg-klasser som kan reduserast over tid, kva dette vil bety for driftsrammene, og kva konsekvensar det har for læreplassar og vg4-tilbod. Det skal leggjast til grunn at elevar framleis kan oppnå studiekompetanse gjennom vg4 påbygging etter fullført fagbrev.

6. Høyringsnotatet til tiltaksplanen bør òg innehalde eit kunnskapsgrunnlag med ei oppsummering av relevant forsking og undersøkingar med eigne elevar og tilsette

7. Treårig helsefag med studiekompetanse bør som hovudregel ha eit plasstal på 30. Bakgrunnen er at fleire timar til faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) i dette løpet vert brukt til fellesfag eller programfag frå studiespesialisering, og at intensjonen med tilbodet er å rekruttere til høgare utdanning i helsefaga. Fylkesdirektøren får i oppdrag å kartlegge og vurdere dette vidare, mellom anna kva konsekvensar plasstalet har for påbyggtal ved dei aktuelle skulane.

Voteringer

  1. Innstillinga unnateke punkt 4 og punkt 5Vedtatt

    59 for · 0 mot · enstemmig

  2. Innstillinga punkt 4 og punkt 5Vedtatt

    51 for · 8 mot

    • H 14 for
    • A 12 for
    • Sp 6 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Uavh. 1 for / 1 mot
    • FrP 7 mot

Andre behandlinger

  • 2. juni 2026 Fylkesutvalet: Overgang frå vg2 yrkesfag - handlingsrom, utvikling og moglege tiltak i Vestland
  • 20. mai 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Overgang frå vg2 yrkesfag - handlingsrom, utvikling og moglege tiltak i Vestland

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.