Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn UiB Realfaghøyden

PS 48/26 · Fylkestinget 24. mars 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Fråsegn UiB RealfaghøydenVedtatt

    Alternativforslag fra Kine Bratli Dale (MDG, H, Sp, A, SV, V, KrF)

    Forslagsteksten

    UiB Realfaghøyden – ei nødvendig satsing for kunnskapsfylket Vestland og for konkurransekrafta til Noreg Vestland fylkesting uttrykkjer sterk uro for den kritiske situasjonen knytt til Realfagbygget og Fysikkbygget ved Universitetet i Bergen. Desse bygga er sentrale for utdanning og forsking innan realfag, og har i fleire tiår vore fundamentet for eit av landets viktigaste fagmiljø. Bygga har no passert teknisk levealder med over 20 år, og Statsbygg har åtvara om at Fysikkbygget kan bli heilt stengt innan 2035 dersom det ikkje blir sett i verk omfattande tiltak. Ei slik utvikling vil få alvorlege konsekvensar både for forsking, utdanning, næringsliv og for den nasjonale evna til omstilling. Prosjektet UiB Realfaghøyden er svaret på denne utfordringa. Som det største gjenbruksprosjektet i universitetssektoren nokon gong, er planen å rehabilitere eksisterande bygg og supplere med eit nødvendig avlastningsbygg. Den eksterne kvalitetssikringa (KS1), levert av Norconsult i desember 2025, slår tydeleg fast at prosjektet – og særleg konsept K4.3 – er samfunnsøkonomisk lønsamt og vil styrkje utdanning og forsking ved UiB i mange tiår framover. Vestland fylkesting peikar på at vi no står i ein kritisk fase. For å sikre framdrift og unngå ei forverring av ein allereie sårbar situasjon, må regjeringa ta konseptval våren 2026. Vidare er det naudsynt at det blir sett av 80 millionar kroner i statsbudsjettet for 2027 til oppstart av forprosjektet, og vidare 80 millionar i 2028 og i 2029. Som eit leiande kunnskapsfylke med store ambisjonar innan hav, energi, teknologi og grøn omstilling, er Vestland heilt avhengig av sterke forskings- og utdanningsmiljø. UiB Realfaghøyden er ei investering som vil sikre dette grunnlaget. Fylkestinget understrekar at prosjektet er strategisk viktig både regionalt og nasjonalt, og at utsetjing eller manglande prioritering vil svekkje Norges samla innovasjonskraft. Sendast regjeringa v/ Kunnskapsdepartementet og stortingsbenkene Hordaland, og Sogn og Fjordane

    60 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.