Fråsegn Veterinær
Voteringer
- Fråsegn veterinærVedtatt
Forslag fra Aleksander Øren Heen (Sp)
Forslagsteksten
Sendast LMD, Næringskomiteen på Stortinget og Storingsbenkane i Hordaland og Sogn og Fjordane Regjeringa må styrkja veterinærvaktordninga og ta ansvar når den sviktar. Norge har sjølvsagt strenge krav til dyrevelferd. I mange område er det no bemanningskrise, og særleg vaktkrise for produksjonsdyr. Eit døme frå Kinn kommune i Vestland beskriv krisa slik: Ei mjølkeku fekk akutt sjukdom i ei helg der det ikkje var veterinær på vakt, med konsekvens at kua måtte avlivast på staden. Kommunen nekta bonden utbetaling av erstatning pga manglande veterinærdokumentasjon. Dømet viser dobbelt tragisk situasjon: Det grunnleggjande er at dyrevelferda er trua. Manglande veterinær legg dobbelt byrde på bonden, som både taper produksjonsdyr og produksjon. Kommunane har ansvar for veterinærvakt, men vert ikkje erstatningspliktig dersom vaktordninga ikkje har grunnlag for å fungere. Verken mattilsynet eller statsforvaltar har lovheimel til å gripa inn overfor kommunen ved manglande veterinærvakt. Her synest det derfor å vera ein systemfeil som truar dyrevelferd, landbruket og matberedskapen i landet. Vestland fylkesting ber Landbruksministeren sikra at veterinærvaktordninga er reell og trygg. I tillegg må bøndene bli innrømt tapskompensasjon som følgje av manglande veterinærvakt-teneste.
60 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.