Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Prioriter luftvern i Vestland

PS 46/26 · Fylkestinget 24. mars 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Som orginal utan ei setningFalt

    Alternativforslag fra Jeanette Onarheim Syversen (R)

    Forslagsteksten

    Heile forslaget utan setninga : - Bidra til å oppfylle NATO sine krav og styrkje Noreg si rolle i alliansen.

    7 for · 53 mot

    • SV 4 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • Sp 6 mot
    • FrP 7 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  2. Prioriter luftvern i Vestland.Vedtatt

    Tilleggsforslag fra Marianne Nordhus (Sp)

    Forslagsteksten

    Fråsegn frå Vestland fylkeskommune: Prioriter luftvern i Vestland. Vestland fylkeskommune ser med uro på den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa og verda. Krigen i Ukraina har vist oss kor sårbare sivile samfunn er utan tilstrekkeleg vern mot luftangrep og missiltruslar. Noreg er ein kyststat med ei av verdas lengste kystliner, og Vestland er eit strategisk viktig område både for nasjonal verdiskaping, energiforsyning, transport og alliert mottak. Fylkestinget i Vestland meiner at det er avgjerande at Noreg byggjer opp eit sterkt og desentralisert luftvern, og at delar av dette vert plassert i Vestland. Bergen og omland er eit naturleg tyngdepunkt for forsvar med Nord-Europas største marinebase (Haakonsvern), med viktige hamner, industri, Noregs einaste raffineri, flyplassar, energianlegg og forsyningslinjer. Samstundes er fylket sårbart for samansette truslar, der både kritisk infrastruktur, befolkning og næringsliv kan verte råka. Vestland fylkeskommune peikar på at eit sterkt luftvern i vår region vil: - Styrkje tryggleiken for innbyggjarane i Vestland. - Sikre kritisk infrastruktur som energiforsyning, hamner, flyplassar og kommunikasjon. - Gjere Noreg betre i stand til å ta imot allierte forsterkingar i ein krisesituasjon. - Bidra til å oppfylle NATO sine krav og styrkje Noreg si rolle i alliansen. Tryggleik for folk, samfunn og næringsliv i heile landet krev at også Vestland vert inkludert når Noreg no gjer dei nødvendige investeringane i luftvern. Vestland fylkeskommune ber difor regjeringa og Stortinget om å prioritere etablering av luftvernkapasitet i Vestland i den vidare oppbygginga av Forsvaret.

    58 for · 2 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • FrP 7 for
    • Sp 6 for
    • SV 4 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • R 2 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.