Investeringar på fylkesveg - vurdering av marginallister og konsekvensanalyse
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget peiker på at det er store behov for oppgradering og vedlikehald på fylkesvegnettet. For å sikre open og trygg ferdsel må fylkeskommunen i større grad utbetra og vedlikehalde det eksisterande vegnettet, framfor å bygge nytt.
2. Det vert lagt til grunn at investeringane innan samferdsel skal porteføljestyrast gjennom årleg rullering av investeringsprogrammet. Faglege vurderingar og politiske føringar vert lagt til grunn for prioritering av investeringstiltak. Det avgrensa økonomiske handlingsrommet og det store vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet gjer det krevjande å prioritere nye store investeringstiltak. Fylkestinget finn difor ikkje grunnlag til å innføre politiske vedtekne marginallister over andre tiltak enn rassikringstiltak, der ein har ei årleg løyving.
3. Fylkestinget registrerer at porteføljen av aktuelle investeringsprosjekt i RTP investeringar har blitt for omfattande, og ser behov for eit meir realistisk og føreseieleg investeringsprogram. Det er behov for ein nærare dialog med kommunane om prioriteringane av tiltak på fylkesvegnettet. Fylkestinget ber fylkesdirektøren kome tilbake til dette i samband med arbeidet med Regional plan for areal og mobilitet.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Investeringar på fylkesveg - vurdering av marginallister og konsekvensanalyse
- 5. mars 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Investeringar på fylkesveg - vurdering av marginallister og konsekvensanalyse
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.