Innbyggarinitiativ - fartsdempande tiltak fv. 573 Hjellestadvegen
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling av fylkestinget Erstatte fartsputer med andre fartsreduserande tiltak
1. Fylkestinget registrerer at fartsnivået i Hjellestadvegen er for høgt og at det er dokumentert behov for fartsreduserande tiltak på vegen. På grunn av negative konsekvensar frå fartsputene som beskrive frå brukarar av vegen, så er det er likevel ikkje ønskeleg med fartsputer på vegen slik som i dag. Fylkestinget vedtek difor at fartsputene på Hjellestadvegen skal erstattast med andre fartsreduserande tiltak.
2. Det skal vurderast å erstatte fartsputer med ordinære fartshumpar, og det skal vurderast å om ein kan redusere tal på fartsdumpar for å minimere konsekvensar for kollektivtrafikk på vegen.
3. I vidare arbeid skal ein følgje råda for etablering av fartsreduserande tiltak som står i rettleiar for fartsreduserande tiltak – Handbok V128
4. Grunna allereie store materielle kostnadar for brukarane av vegen, skal arbeidet startast opp og gjennomførast så snart som mogleg.
5. Fylkestinget ber om at fv. 573 Hjellestadvegen vert vurdert i arbeidet med utgreiing av strekningar aktuelle for automatisk trafikkontroll og fartstavler i Vestland.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
52 for · 0 mot · enstemmig
- Fylkesdirektøren si opphavlege innstillingFalt
13 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Innbyggarinitiativ - fartsdempande tiltak fv. 573 Hjellestadvegen
- 5. mars 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Innbyggarinitiativ - fartsdempande tiltak fv. 573 Hjellestadvegen
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.