Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Rom- og funksjonsprogram Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule

PS 17/26 · Fylkestinget 24. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget vedtek vedlagt rom- og funksjonsprogram (RFP) for Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule med eit samla areal på 11.700 m2. Romprogrammet skal løysast med effektiv arealbruk av eksisterande bygg på Nygård og eit samankopla nybygg på tomta nord for skulen.

2. Det skal gjennomførast ein reguleringsprosess for å få gjennomført prosjektet.

Reguleringa må, på ei så sentral tomt i Bergen, søke ei høgast mogleg utnytting av arealet slik at det kan ligge moglegheiter for ei utviding av skulen på lengre sikt.

3. Fylkestinget ber om at det vert kartlagt arealbehov for eit tilbod for ungdom som har eit dokumentert behov for alternativ til ordinær vidaregåande opplæring. Hyssingen produksjonsskule og Ung Invest sitt praksisorienterte og styrkebaserte opplegg i Drammen kan tene som utgangspunkt for kartlegginga. Det skal verte vurdert om eit tilbod av denne typen kan verte plassert i nybygget ved LBM vgs.

4.Fylkestinget ber om at medverknadsorganet Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, og/eller samarbeidet med brukarrepresentantar frå vert trekt inn i arbeidet.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Rom- og funksjonsprogram Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule
  • 12. mars 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Rom- og funksjonsprogram Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skule

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.