Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Rom- og funksjonsprogram Fagskulen Vestland, studiestad Bergen

PS 18/26 · Fylkestinget 24. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget vedtek vedlagt rom- og funksjonsprogram (RFP) for nytt samlande bygg i Bergen for Fagskulen Vestland, studiestad Bergen, med eit samla areal på 12.350 m2.

2. Det blir arbeidd vidare med to alternative lokasjonar/tomter. Det eine med ei løysing på eksisterande tomt til C-bygget til Årstad vgs saman med Bergen kommune og Vestland idrettskrets. Det andre alternativet er saman med Høgskulen på Vestlandet/Statsbygg på Kronstad.

3. Fylkestinget viser til uttalen fra fagskulestyret. Uavhengig av kva alternativ ein går vidare med er det viktig å sikre at nytt bygg let seg realisere innan fristen for når Fagskulen må ut av sine lokaler på Nordnes 31.12.2032.

4. I inntaksområdet Stor-Bergen har det i ei årrekkje vore for låg kapasitet på bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag. Den auka populariteten for yrkesfag i ungdomskulla, samt utvida rettigheiter som følgje av ny opplæringslov har gjort denne utfordringa enda større. Parallelt med arbeidet etter pkt. 2, ber fylkestinget om at fylkesdirektør greier ut om det er føremålstenleg å bygge ut auka kapasitet på verkstadane på Årstad vgs, samstundes som ein opprettheld samarbeidet med Krohnsminde-alliansen og Bergen kommune. Dette gjeld særleg om ein vel å gå bort frå å leggje Fagskulen til Årstad.

5. Fylkestinget ber om at medverknadsorganet Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, og/eller samarbeidet med brukarrepresentantar frå vert trekt inn i arbeidet.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Rom- og funksjonsprogram Fagskulen Vestland, studiestad Bergen
  • 12. mars 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Rom- og funksjonsprogram Fagskulen Vestland, studiestad Bergen

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.