Etablering av Jon Fosse-senter i Strandebarm - søknadar til Nasjonale kulturbygg og vidare fylkeskommunalt engasjement
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget legg til grunn at vidare involvering i arbeidet med Jon Fosse-senteret føreset samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Kvam herad, Fosse-stiftinga og relevante kulturinstitusjonar. Partane skal i fellesskap greie ut og foreslå modellar for eigarskap og drift. 2. Fylkestinget er positiv til å vurdere deltaking i eit eigarselskap knytt til Jon Fosse-senteret saman med Kvam herad, staten og Fosse-stiftinga. Byggherreansvar og langsiktige økonomiske forpliktingar krev eiga politisk handsaming. 3. Ein føresetnad for eventuell medverknad til drift er at senteret vert organisert i eit profesjonelt driftsselskap, der Hardanger og Voss museum og/eller Nynorsk kultursentrum er mellom partane. 4. Fylkestinget legg til grunn at eventuelt vidare engasjement føreset at både investerings- og driftsnivå vil verta vurdert ut frå Vestland fylkeskommune si økonomiske bereevne. Eventuelt investerings- eller driftstilskot må vurderast i samband med framtidige budsjett og økonomiplanar.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Etablering av Jon Fosse-senter i Strandebarm - søknadar til Nasjonale kulturbygg og vidare fylkeskommunalt engasjement
- 11. mars 2026 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Etablering av Jon Fosse-senter i Strandebarm - søknadar til Nasjonale kulturbygg og vidare fylkeskommunalt engasjement
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.