Møte- og talerett i folkevalde organ for representantar for dei tilsette
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling til fylkestinget
1. Fylkestinget vedtek følgjande retningsliner for møte- og talerett til representantar for dei tilsette i folkevalde organ:
Inntil to representantar for dei tilsette (hovudtillitsvalde) har møte- og talerett i folkevalde organ når desse organa behandlar saker som gjeld høve mellom dei tilsette og fylkeskommunen som arbeidsgjevar. Frå dette utgangspunkt gjeld unntak og presiseringar som følgjer av kommunelova § 13-4.
Ved ønske om å nytte møte- og taleretten, må e-post om dette sendast til politisk@vlfk.no seinast to dagar før det aktuelle møte. I e-posten må gå fram kva møte og sak det gjeld, samt kven som stiller i møtet.
Taleretten gjeld i utgangspunktet for eitt innlegg, og hovudtillitsvalde har ikkje høve til å delta i det politiske ordskiftet ut over dette. Møteleiar fastset taletida.
Hovudtillitsvalde som nyttar seg av møte- og taleretten, tek sete på sida av organet sitt bordoppsett eller (i Vestlandssalen) på galleriet.
2. Retningslinene vert innarbeidd i Reglement for folkevalde organ og delegering i reglement for saksbehandling.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
64 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.