Opplæring i bedrift 2025 og elev- og lærlingundersøkinga 2025/26
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget tek opplæring i bedrift 2025 og elev- og lærlingundersøkinga 2025/26 til vitande.
2. Fylkestinget syner til uttale frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne med forslag til inkludering av funksjonsnedsette i kartlegginga, og ber om at forslaget vert innarbeida i kommande rapportering.
3. Fylkestinget syner til Vestland ungdomsutval si uttale og sluttar seg til rådet om at yrkesfag bør verte særskild prioritert i arbeidet for eit trygt og godt læringsmiljø. Fylkestinget ber om at nye tiltak vert utvikla og at det vert rapporter om korleis desse verkar. Vi vil særskild trekke fram tiltak som syte for at lærlingar innanfor same fagområde kan treffast og tiltak for å skape godt miljø for jenter i bransjar kor dei er i eit klart mindretal.
4. Fylkestinget syner til bestilling i sak 45/25 og vedtakspunkt 4 i sak 69/25 hos hovudutval for opplæring og kompetanse. Det er naudsynt med snarlege tiltak for korleis Vestland fylkeskommune, kan leggje betre til rette for at fleire av elevane vel å ta fagbrev som ei del av si yrkesfaglege opplæring. Fylkestinget ber også om at det vert vurdert tiltak som går på tvers av vedteken tilbodsstruktur, avgrensa til påbygg til generelle studiekompetanse innanfor inntaksområde Stor-Bergen. Vidare må det verte høgt prioritert å finne tiltak som kan forbetre kontakten mellom skulane og arbeidslivet for utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og elektro- og datateknologi.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Opplæring i bedrift 2025 og elev- og lærlingundersøkinga 2025/26
- 11. feb. 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Opplæring i bedrift 2025 og elev- og lærlingundersøkinga 2025/26
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.