Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Vedtak Forvaltningsrevisjon Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring.

PS 23/26 · Fylkestinget 24. mars 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

På bakgrunn av gjennomført forvaltningsrevisjon Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune ber fylkestinget fylkesdirektøren syta for at:

1.Alle skulane har ein praksis som oppfyller krav i opplæringslova når det gjeld arbeidet med tilpassa opplæring og vurderingar av om elevar har tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

2.Tilsette på skulane har ein fast praksis for å vurdere behov for individuell tilrettelegging, og at elevar snarast råd blir tilvist til PPT i dei tilfella opplæringslova krev det.

3.Det går fram av relevante prosedyrar at skulen, dersom eleven sjølv eller eleven sine foreldre ber om det, har plikt til å fatte eit enkeltvedtak der det blir tatt stilling til om eleven har rett til individuelt tilrettelagt opplæring.

4.Prosedyrar for ressursteam blir etterlevd ved alle dei vidaregåande skulane, slik at det blir lagt til rette for god samhandling mellom skulane og rettleiingstenesta/PPT.

5.Fylkeskommunen identifiserer hindringar når det gjeld PPT sitt samarbeid med og støtte til skulane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod, og arbeide aktivt for å redusere aktuelle hindringar.

6.Sakkunnige vurderingar blir utarbeidd utan ugrunna opphald, og at enkeltvedtak om individuelt tilrettelagt opplæring blir fatta utan ugrunna opphald, i samsvar med krav i forvaltningslova.

7.Avvik frå den sakkunnige vurderinga alltid blir grunngitt i enkeltvedtaket, i samsvar med krav i opplæringslova.

8.Varigheita av vedtaket alltid går tydeleg fram av vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring, og at vedtak til ei kvar til er heimla i gjeldande regelverk.

9.Fylkeskommunen vidareutviklar og forbetrar prosedyrar og malar knytt til det å vurdere behov for individuell tilrettelegging. Herunder:

i.Vurdere å vise til nokre sentrale krav i forvaltningslova i relevante prosedyrar

ii.Sørgje for at det går tydeleg fram at det er gjennom enkeltvedtaket (ikkje gjennom sakkunnig vurdering) retten til individuelt tilrettelagt opplæring blir slått fast

iii.Vurdere å innføre rutinar om dokumentasjon av samtykker, og sørgje for at det går tydelegare fram av samtykkedelen av tilvisingsskjemaet kva ein samtykker til.

iv.Tydeleggjere at krav om samtykke frå eleven eller foreldra før det blir gjort vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring, gjeld både ved første gongs vedtak og ved vedtak om vidareføring av individuelt tilrettelagt opplæring.

v.Tydeleggjere at vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring ikkje kan ha lengre varigheit enn den sakkunnige vurderinga vedtaket byggjer på, og at varigheita av vedtak normalt bør vere frå vedtaksdato.

vi.Sørgje for at førebels svar viser til kva tid ein kan forvente at vedtak blir fatta i saka, og ikkje berre omhandlar saksførebuinga (sakkunnig vurdering)

10.Det for elevar med individuelt tilrettelagt opplæring alltid blir utarbeidd IOP og årleg vurdering i samsvar med krav i opplæringslova.

11.Alle skulane har tilstrekkelege system for å følgje med på at elevar med vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring får den opplæringa dei har rett på.

12.Det er tiltak som kan iverksettjast for å betre informasjonen til komande elevar og foreldra deira ytterlegare, til dømes med grunnlag i konkrete tilbakemeldingar om tilfelle der informasjonen ikkje har vore tilstrekkeleg.

13.Det for elevar som har hatt individuelt tilrettelagt opplæring på ungdomsskulen, blir sendt tilvising til PPT så tidleg som mogleg, og at tidsavgrensa vedtak i overgangen blir nytta i samsvar med intensjonen. Dette er viktig for å sikre ein trygg og god overgang til vidaregåande opplæring.

14.Det i tilgjengeleg informasjon om eigne VG1-tilbod for minoritetsspråklege elevar går tydeleg fram at tilboda er å rekne som innføringstilbod etter opplæringslova § 6-6.

15.Fylkeskommunen systematiserer og tydeleggjer samarbeids- og samhandlingsarenaer for erfaringsdeling og læring på tvers av skular, og sikre at alle skulane i tilstrekkeleg grad prioriterer deltaking i relevante samarbeidsfora.

16.Det vert utarbeida ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 20.03.2026 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.

Voteringer

  1. Innstillinga unnateke punkt 16Vedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

  2. Endring av dato i punkt 16Vedtatt

    Alternativforslag fra Dan Stian Femoen (H)

    Forslagsteksten

    Det vert utarbeida ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 20.05.2026 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga

    65 for · 0 mot · enstemmig

  3. Tillegg til pkt 1Vedtatt

    Tilleggsforslag fra Trude Brosvik (MDG, A, SV, Uavh., V, KrF)

    Forslagsteksten

    Det gjeld også at elevane vert delte inn i grupper eller klassar som fremjar inkludering og sosial tilhøyre, og at elevar med individuell tilrettelegging så langt som mogeleg får det innanfor det ordinære opplæringstilbodet.

    65 for · 0 mot · enstemmig

  4. Nytt punkt 17Vedtatt

    Tilleggsforslag fra Karianne Alette Torvanger (MDG, A, SV, Uavh., KrF)

    Forslagsteksten

    Fylkestinget ber også om at handlingsplanen vert lagt fram for Hovudutval for opplæring og kompetanse som ei referatsak.

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.