Kunnskapsgrunnlag - tunnelar ikkje omfatta av tunneltryggleiksforskrifta
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Innstilling til fylkestinget 1. Fylkestinget merkar seg at det er eit omfattande utbetringsbehov i fylkesvegtunnelane i Vestland, og at Vestland samstundes har flest tunnelar av alle fylke i landet.
2. Fylkestinget ser at manglande styrking av tunnelvedlikehaldet kan føre til at Vestland fylkeskommune må redusere framkomen eller stengje tunnelar. Dette kan skape vesentlege utfordringar for både transportavvikling og samfunnstryggleik.
3. Fylkestinget ber om at arbeidet med vidare dokumentasjon av oppgraderingsbehov og kostnader for tunnelvedlikehald held fram. Fylkestinget legg til grunn at den samla kunnskapen frå dette arbeidet og tidlegare framlagde kunnskapsgrunnlag blir forvalta heilskapleg og nytta aktivt i RTP-prosessen. Dette skal gi eit robust og kunnskapsbasert grunnlag for strategiske prioriteringar, rekkefølgje av tiltak og langsiktig planlegging.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
64 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 19. mars 2026 Fylkesutvalet: Kunnskapsgrunnlag - tunnelar ikkje omfatta av tunneltryggleiksforskrifta
- 5. mars 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Kunnskapsgrunnlag - tunnelar ikkje omfatta av tunneltryggleiksforskrifta
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.