Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Stopp nedlegging av konvensjonelle navigasjonssystem

PS 140/25 · Fylkestinget 9. desember 2025 · Behandlet

Voteringer

  1. FramleggVedtatt

    Alternativforslag fra Elias Roko Eide (H)

    Forslagsteksten

    Uttale frå fylkestinget

    Til: Samferdselsdepartementet, Transport- og kommunikasjonskomiteen, stortingsrepresentantar frå Vestland.

    Kopi: KS, Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Troms Fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune

    Stopp nedlegging av konvensjonelle navigasjonssystem

    Norsk luftfart har dei siste åra vore utsett for omfattande forstyrringar av satellittbasert navigasjon (GNSS), særleg som følgje av aukande jamming etter invasjonen av Ukraina. Desse forstyrringane gjer at fly må ta i bruk analoge, bakkemonterte navigasjonssystem. EU har lagt opp til meir satellittbasert navigasjon, og Avinor har difor starta avviklinga av tradisjonelle bakkebaserte system.

    Dette gjeld for fleire lufthamner i Vestland – både Førde, Sandane og Sogndal. Dette reduserer kostnadar for Avinor, men gjer samtidig norsk luftfart meir sårbar ved GNSS-bortfall, særleg for kortbanenettet og ambulanseflytenesta. Resultatet kan bli fleire avbrotne landingar, redusert regularitet og høgare kostnadar for både flyselskap og passasjerar. EU-regelverket stenger ikkje for å oppretthalde bakkebaserte navigasjonssystem; tvert om krev det ei grunnleggande redundans som tryggar luftfarten når GNSS ikkje fungerer. Fleire sentrale aktørar peikar på behovet for å halde ved lag eit tilstrekkeleg konvensjonelt nettverk. Vestland fylkesting krever følgjande:

    • Vidare nedlegging av konvensjonelle navigasjonssystem må stoppast inntil konsekvensane er grundig utgreidde og lagde fram for Stortinget.
    • Alle flyplassane i Vestland må framleis ha alternative, konvensjonelle navigasjonssystem slik at flytryggleik, nasjonal beredskap og regularitet kan oppretthaldast.

    53 for · 12 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • FrP 7 for / 2 mot
    • SV 4 for / 1 mot
    • Uavh. 3 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • R 1 for / 1 mot
    • MDG 1 for / 2 mot
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.