Eigarskapskontroll - infrastruktur og kollektivtransportselskap i Vestland fylkeskommune.
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
Saksprotokoll frå kontrollutvalet 13.10.2025
1.Fylkestinget viser til tilrådingane i rapporten Eigarskapskontroll infrastruktur og kollektivtransportselskap og ber fylkesdirektør legge til rette for gjennomføring av tilrådingane i rapporten herunder:
2.Følgjer opp selskapa, gjennom eigarorgana, når det gjeld:
a)vedtektsfesting av innkallingsfrist til generalforsamling og bruk av valkomité ved styreval,
b)utarbeiding av rutinar/retningsliner for valkomiteen sitt arbeid, og skriftlege grunngjevingar av valkomiteen sine nominasjonar av styremedlemmar.
3.Utarbeider felles eigarskapsstrategiar i dei selskapa fylkeskommunen eig saman med andre kommunar/fylkeskommunar.
4.Sikrar at det blir gjennomført generalforsamling i alle infrastruktur- og kollektivtransportselskapa, jf. krav i aksjelova.
5.Vurdere om og ev. i kva grad det bør gjennomførast fleire/meir regulære eigarmøte enn i dag med fleire av infrastruktur- og kollektivtransportselskapa.
6.Vurdere å gjennomføre ei konkret vurdering av kva grad/nivå av oppfølging og kontroll fylkeskommunen skal ha ovanfor dei ulike selskapa innanfor infrastruktur- og kollektivtransportsegmentet.
7.Sørge for at det blir gjennomført tilstrekkeleg opplæring av folkevalde i eigarrolla, i samsvar med tilråding fra KS og føringar i eigarskapsmeldinga.
8.Sikre at krav til balansert kjønnsrepresentasjon i styra blir ivareteke for alle infrastruktur- og kollektivtransportselskapa.
9.Fylkestinget ber fylkesdirektør lage ein handlingsplan til kontrollutvalet innan 20. januar 2026 som seier kva tiltak ein vil gjennomføra for å følgje opp tilrådingane i rapporten, kven som har ansvaret for oppfølginga og når tilrådingane vert gjennomført.
10. Kontrollutvalet ber om at Deloitte AS får eit kvarter til å presentere saka for fylkestinget.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.