Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Tomteval ny Austrheim vidaregåande skule

PS 120/25 · Fylkestinget 9. desember 2025 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Saksprotokoll frå fylkesutvalet 25.11.2025

1. Utvalet viser til behov for meir kunnskapsgrunnlag. Utgreiinga viser at det er to tomter som er aktuelle, 2.1. og 2.2. Utval for opplæring og kompetanse bed om at ein tek ein grundigare runde på desse to alternativa. Alternativ 2.1. vil medføre nedbygging av myr, og alternativ 2.2. har noko usikkerheit knytt til seg med omsyn til pris for erverv av tomt. Utval for opplæring og kompetanse rår til å gå vidare med utgreiingar av både alternativ 2.1, og alternativ 2.2. Fylkeskommunen bør går i forhandlingar om pris vedrørande alternativ 2. Kommunen skal takast med i denne dialogen. Det skal og utgreiast som det er mogleg med samarbeid med næringslivet om areal

2. Utvalet ber om oversikt over klima- og miljøavtrykk. Utvalet ber også om ei oversikt over miljøavtrykket ved dei to alternativa. I alternativ 2.2. er det til dømes tale om gjenbruk av stål -og betongkonstruksjon, samt mogeleg forureining av sjøgrunn. Ved alternativ 2.1. er det tale om nedbegynning av myr, som skal ervervast som tilleggsareal, samt om det er mogeleg å gjenbruke deler av bygget og kva dette vil bety med omsyn til utslepp.

3. Utvalet ynskjer å vite meir om kostnader i byggeperiode og til opprydding. Utvalet ber og om at det blir henta inn meir konkrete prisar på leie av erstatningsbygg i byggeperiode ved alternativ 2.2, og at det blir undersøkt om kommune eller til dømes næringsliv kan medfinansiere eventuell opprydding av sjøgrunn ved tomt 2.2.

4. Vidare tidslinje: Utvalet for opplæring og kompetanse ynskjer å få framlagt resultatet av dette arbeidet, som sak i møtet 22.januar. Fylkestinget tar endeleg stilling til tomteval i mars 2026.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    53 for · 0 mot · enstemmig

  2. opprinnelig innstillingFalt

    12 for · 0 mot · enstemmig

  3. Endre ordlyd i vedtak frå "utval" til "Fylkesting"Vedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 25. nov. 2025 Fylkesutvalet: Tomteval ny Austrheim vidaregåande skule
  • 19. nov. 2025 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Tomteval ny Austrheim vidaregåande skule

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.