Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

E134 Røldal-Seljestad - Endring i statleg delgaranti

PS 115/25 · Fylkestinget 9. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Saksprotokoll frå fylkesutvalet 21.10.2025

1. Vestland fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for Ferde AS, avgrensa oppover til 622 mill. kr for lån til finansiering av E134 Røldal – Seljestad.

2. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle påløpte renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet blir følgjeleg 684 mill. kr.

3. Garantien omfattar også inngåtte sikringsavtalar tilknytt lånefinansieringa til prosjektet.

4. Vestland fylkeskommune garanterer samtidig ved sjølvskuldnarkausjon for Ferde AS sin gjeld avgrensa oppad til det same beløpet.

5. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilde tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftenes § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggeperioden, på inntil 28 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen.

6. For å redusere garantistens økonomiske risiko, kan Ferde AS ved sviktande økonomi, søkje ei auke i gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. Bompengeselskapet kan søke takststyresmakten (Statens vegvesen Vegdirektoratet) om auka takstar og/eller forlenga innkrevjing sjølv om berre ein av garantistane har slutta seg til dette.

7. Vestland fylkeskommune sitt garantiansvar reduserast i takt med den faktiske nedbetalinga av prosjektselskapet E134 Røldal-Seljestad si gjeld.

8. Vestland fylkeskommune fråseier seg retten til å sikre garantien med 1. prioritets pant i prosjektselskapet E134 Røldal - Seljestad sin innkrevingsrett, mot at heller ikkje Staten krev slik panterett.

9. Om garantien kommer til anvending fråseier Vestland fylkeskommune seg moglegheita for regresskrav som går utover sin pro-rata andel av prosjektselskapet E134 Røldal-Seljestad sin innkrevingsrett.

10. Garantiane blir gitt under føresetnad av Kommunal- og distriktsdepartementets godkjenning etter kommunelova § 14-19 første ledd.

11. Det skal etablerast ei risikofordeling på pro rata basis mellom staten og Vestland fylkeskommune. Ei pro rata-fordeling inneberer at det vil vere ei tapsfordeling i samsvar med den fastsette pro rata-fordeling som er 50/50. Ingen av garantistane kan ha tilgang på særskilde sikkerheiter som den andre ikkje har tilgang til. Staten skal sikrast likeverdig adgang til eventuelle framtidige sidesikkerheiter som låntakar eventuelt stiller ovanfor medgarantistane i den perioden garantien løp.

12. Fylkeskommunen godkjenner med dette øvrige reglar i ordninga for statleg delgaranti for bompengelån

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    63 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 21. okt. 2025 Fylkesutvalet: E134 Røldal-Seljestad - Endring i statleg delgaranti
  • 14. okt. 2025 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: E134 Røldal-Seljestad - Endring i statleg delgaranti

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.