Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn om finansieringsmodellen i Helse-Førde

PS 106/25 · Fylkestinget 1. oktober 2025 · Behandlet

Voteringer

  1. Helseføretaka må få forsvarleg finansieringVedtatt

    Alternativforslag fra Rita Tonning (R, MDG, H, Sp, A, FrP, SV, Uavh., V, INP)

    Forslagsteksten

    Helseføretaka må få forsvarleg finansiering Den økonomiske situasjonen for Helse Førde er dramatisk. Styret i Helse Førde har bedt om styresak med fleire alvorlege kuttforslag og eit innsparingskrav på over 100 millionar kroner. Dei komande innsparingsvedtaka skal gjerast samtidig som ein skal oppretthalde eit forsvarleg tilbod for pasientane og for innbyggjarane og ein leveleg arbeidskvardag for dei tilsette. Både tilsette og innbyggjarar er svært urolege for dei dramatiske kutta. Det er uro for at forslaga vil føre til lenger reiseavstandar til sjukehustilbod, gje eit langt dårlegare helsetilbod for dei fødande og andre pasientar, for innbyggjarane og større arbeidspress på dei tilsette i helseføretaket. Regjeringa har varsla oppstart av arbeid med ei helsereform, som mellom anna skal sjå på organiseringa av helsetenestene. Målet er at Helsereformutvalget «skal utrede og foreslå nye modeller for framtidig organisering, styring og finansiering av en sammenhengende og integrert helse- og omsorgstjeneste i Norge». I arbeidet er det viktig at framtidig organisering, styring og finansiering sikrar eit likeverdig tilbod over heile landet. Det gjeld særleg i tida kor det er naudsynt med større investeringar i sjukehusbygg. Det er viktig at det og vurderast om føretaksmodellen slik den er i dag er den beste, eller om ein kan finne betre måtar å organisere helsetenestene på som sikrar demokratisk og trygg styring som tryggar helsetenestene våre i ei ny tid. Vestland fylkesting er uroa for at dei varsla kutta i Helse Førde kan føre til eit for dårleg helsetilbod til innbyggjarane i regionen. Vestland fylkesting ber regjeringa sørge for at helseføretaka våre har god nok finansiering til å oppretthalde dagens tilbod. Sendast til regjering og storting, helse- og omsorgsdepartement v/ helseminister Vestre og finansedepartementet v/ Stoltenberg.

    65 for · 0 mot · enstemmig

  2. Heen sitt forslag punkt 1Falt

    23 for · 42 mot

    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  3. Heen sitt forslag punkt 2Falt

    19 for · 46 mot

    • Sp 7 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • KrF 2 for / 1 mot
    • PP 1 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.