Vestland fylkeskommune ber kommunane i Vestland bidra til å utdanne fleire lærlingar
Voteringer
- FråsegnVedtatt
Alternativforslag fra Elias Roko Eide (H)
Forslagsteksten
Fråsegn: Vestland fylkeskommune ber kommunane i Vestland bidra til å utdanne fleire fagarbeidarar
Til: Alle ordførarar og kommunedirektørar i Vestland
Vestland fylkeskommune ser at mange kommunar i Vestland slit med tronge økonomiske rammer. Vi ber likevel de prioritere å tilsette lærlingar.
Lærlingordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, det offentlege og næringslivet. Dette har over mange år ført til tusenvis av dyktige fagarbeidarar over heile fylket. I ei tid der mange kommunar manglar folk er det svært viktig at vi tar i bruk dei ressursane vi har. Vestland fylkeskommune tilbyr eit breitt spekter av yrkesfag ved dei ulike vidaregåande skulane. Skal desse elevane få fullført utdanninga si, er vi heilt avhengige av eit samarbeid mellom kommunar, fylke og næringsliv.
For at vi skal oppretthalde eit godt og variert utdanningstilbod over heile fylket, i tillegg til å sikre rett kompetanse og nok personell til viktige oppgåver framover, må kommunane i Vestland halde fram med å ta inn lærlingar. Vi ser også gjerne at de tek i mot fleire, og innanfor fleire fagområde. Også når det blir trongare økonomiske råmer. Dette vil vere ei investering for kommunane, fylket og heile landet på sikt.
65 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.