Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Krisepakke for den grøne maritime omstillinga

PS 76/25 · Fylkestinget 17. juni 2025 · Behandlet

Voteringer

  1. Fråsegn: Ekstraordinær tiltak for den grøne maritime omstillingaVedtatt

    Alternativforslag fra Alexander Papas (SV)

    Forslagsteksten

    Ekstraordinær tiltak for den grøne maritime omstillinga For å få ned fossile utslepp er det heilt avgjerande å få til lågutslepp eller nullutslepps-snøggbåtar i drift langs heile kysten vår. I slutten av mai vart det kjent at Brødrene Aa måtte melde seg konkurs. Det er svært alvorleg og trist for dei 170 tilsette og familiane deira, for Hyen, for Gloppen, og heile Vestland. Men det er også nedslåande nytt for den maritime grøne omstillinga og for næringslivet her i Vestland. Brødrene Aa har i fleire år vore marknadsleiande i å ta i bruk og utvikle ny teknologi. Eit industrieventyr som ikkje berre har vore ei hjørnesteinsbedrift, men ein vesentleg del av heile den grøne maritime næringskjeda. Dei har omstilt seg i den trua at staten vil følge opp eigne klimavedtak, men det har ikkje skjedd. Derimot har vi skjedd at klimakrav er trekt tilbake og gjort marknaden meir uføreseieleg. Konkursen i Brødrene Aa er ikkje berre alvorleg for dei som mistar arbeidsplassen sin, men alvorleg for heile den maritime verdikjeda, og for fleire fylkeskommunar sitt tilbod til sjøs. Konkursen har følgekonsekvensar for fleire andre leveransar til fylkeskommunar, for tilbodet til publikum og for klimakutta. Det er fleire forhold som har ført til denne alvorlege situasjonen, men Vestland fylkeskommune vil påpeike at dette også er eit resultat fylkeskommunane over år ikkje har fått noko midlar til denne type risikoavlastning og til å vere med å sikre ein smidig overgang til ny teknologi. Dette har ført til at ei kommersiell verksemd som Brødrene Aa har enda opp med å bere mykje av risikoen aleine. Derfor vil Vestland fylkeskommune vere tydeleg på at dette er ei alvorleg krisesituasjon, ikkje berre for dei mange som mistar jobben og for Hyen og Gloppen, men også svært alvorleg for den maritime næringa langs vestlandskysten og for fylkeskommunen evne til å kutte klimagassutslepp. Vestland fylkeskommune meiner denne alvorlege situasjonen krev handling og etterspør ekstraordinære tiltak frå nasjonale myndigheiter som kan gjere at ein kjem seg gjennom denne alvorlege situasjonen. Spesielt etterlyser Vestland fylkeskommune tiltak og/eller finansiering som kan bidra til at fylkeskommunen som innkjøpar kan vere ein fleksibel medspelar og økonomisk risikoavlastar når ein krev låg og nullutsleppsløysingar, og sikre ein smidig overgang. Vestland fylkeskommune meiner derfor at staten må etablere ei insentivordning til fylkeskommunar som har ferje- og hurtigbåtanskaffelsar, for å framskunde nullutslepps- og lågutsleppsteknologi. Og at det må føretakast ein gjennomgang av kva regulatoriske krav som vert stillt i anskaffelsesprosessar i høve til kva teknologi som har relevans og er utvikla i den tidsperioden anskaffelsane føregår.

    53 for · 11 mot

    • H 14 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • FrP 9 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.