Staten må sikra at ferja går!
Voteringer
- Staten må sikra at ferja går!Vedtatt
Alternativforslag fra Sigrid Brattabø Handegard (Sp)
Forslagsteksten
Staten må sikra at ferja går! Vestland fylkesting sender denne uttalen om staten sitt ansvar for ferjedrifta på desse følgjande områda: 1.Staten må instruera Sjøfartsdirektøren om å landa konflikta om arbeidstidsordningane for ferjepersonellet. I snart to år har folket på kysten betalt prisen for arbeidstidskonflikta om arbeidstidsordningane mellom reiarlaga/NHO Sjøfart og dei tilsette sine organisasjonar. Meldinga til dei reisande om at ferje er innstilt pga tekniske problem er som ofast misvisande. Ferjematriellet er i god teknisk stand, og kystfolket veit at det oftast er konflikta om dispensasjonar knytt til skiftordningane som ligg bak innstilte ferjer, med dei konsekvensane dette har for arbeid, skule og alle andre samfunnsforhold. No må dette ryddast i,- det hadde aldri blitt akseptert at trikken og bybana over tid ville hatt så ustabil drift, særleg ikkje pga usemje om arbeidstidsordning. Alle aktørane har eit ansvar, men Fylkestinget meiner det er Sjøfartsdirektøren som er ansvarleg for å skjera gjennom i konflikta. Dette har pågått alt for lenge, noko som er særs kritikkverdig. Fylkestinget er også skeptisk til at det stadig vert vist til ein riksrevisjonsrapport om arbeidstidsordningane for fiskefartøy, som grunnlag for å justera dispensasjonane for arbeidstidsordningane for ferjene. Det er store rekrutteringsvanskar for ferjepersonell, og gjennomsnittsalderen er høg. Derfor hastar det å få på plass føreseielege og gode arbeidsvilkår slik at kvalifiserte folk vil arbeida på desse viktige kollektivfartøya. 2.Staten må setja fylka i stand til å auka kapasitet der takstreduksjon/gratisferjer gir auka kapasitetsbehov. Fylkestinget meinar det var eit svært positivt tiltak for at kystnasjonen Noreg at ein har redusert/fjerna avstandsulempene for folk og næringsliv gjennom takstreduksjon/gratisferjer. Somme stader har dette ført til auka reiseverksemd, og somme stader (td Austevoll) er verdiskapingsauken i seg sjølv så stor at ferjekapasiteten vert for liten. Denne situasjonen oppstår for både riks- og fylkesvegferjer. På riksvegsambanda kompenserer staten all kostnadsauke direkte, men det gjer ikkje staten overfor fylkeskommunane der dette skjer på fylkesvegferjene. Fylkestinget godtek ikkje denne skilnaden, og ber Regjeringa om å utarbeida ein kostnadskompensasjon for ferjefylka, som sikrar likebehandling av dei reisande uavhengig om det er riks- eller fylkesvegferjer. Senast til SMK, KMD, SD, Kystdirektoratet
65 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.