Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

5000 arbeidsplassar ut av Oslo

PS 74/25 · Fylkestinget 17. juni 2025 · Behandlet

Voteringer

  1. Framlegg til fråsegn, som vert sendt til regjeringa og Stortinget sin kommunalkomiteVedtatt

    Alternativforslag fra Jacob André Telvik Nødseth (V)

    Forslagsteksten

    5000 statlege arbeidsplassar ut frå Oslo-området Vestland Fylke ber regjeringa utarbeide ein statleg plan for utflytting av statlege arbeidsplassar, med mål om 5000 statlege arbeidsplassar frå Oslo-området til andre deler av landet. Minst 1000 av desse bør komme til Vestlandet. Må lære av Danmark Fylkestinget ber regjeringa Iverksette eit krafttak for å motvirke den kraftige sentraliseringa til Oslo/Akershus regionen, som er i ferd med å trekke til seg investeringar og arbeidskraft frå heile landet. Om lag 100 000 jobbar innan statsforvaltninga i Oslo og nabokommunane. Veksten i statlege arbeidsplassar i hovudstaden har vore på fleire tusen sidan årtusenskiftet. Regjeringa må gjere som den danske regjeringa gjorde i 2015, då dei laga ein plan for utflytting. Med ei utgreiing og ein sentralstyrt prosess, flytta regjeringa og Folketinget, med eit vedtak, heile verksemder og omlag 3900 statlege arbeidsplassar ut av København til fleire regionar/byar i Danmark. Gode erfaringar frå tidlegare utflyttingar Sist det vart gjennomført ei utflytting i stort monn var i Bondevik II-regjeringa rett etter tusenårsskiftet. Omlag 1500 arbeidsplassar vart flytta ut mellom 1960 og 2000. Erfaringane frå dette, både for verksemd som blir utflytta og for region som tek imot verksemd, er drøfta og oppsummert i ein Norcerapport: - Kvar statleg arbeidsplass som vert lokalisert ut genererar i snitt ein ekstra etterspørsel etter varer og tjenester lokalt på over 200.000 kroner. - Ingen av dei utlokaliseringane ser ut til å kunne kallast direkte mislykka. - Rekruttering av medarbeidarar har i hovudsak gått greit. - Arbeidskrafta er som regel meir stabil i de utlokaliserte verksemdene enn den er i Oslo-området. Fylkestinget ber regjeringa Iverksette eit krafttak, i form av plan og politisk handling, for å motvirke den kraftige sentraliseringa til Oslo/Akershus regionen, som er i ferd med å trekke til seg investeringar og arbeidskraft frå heile landet.

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.