Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Regional transportplan - Investeringar - Rullering 2025

PS 54/25 · Fylkestinget 17. juni 2025 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

1. Fylkestinget sluttar seg til Handlingsprogram RTP Investeringar 2025 slik det ligg føre, og legg denne til grunn for det vidare arbeidet med budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 fram mot fylkestinget i desember 2025.

2. Fylkestinget registrerer at fylkeskommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon som får konsekvensar for handlingsrommet for investeringane på fylkesvegnettet. Konsekvensane av meir ekstremvêr vil og gje auka uføresette kostnadar. Fylkestinget legg til grunn at det er særleg viktig å sikre framkome på vegnettet, og vil difor prioritere å ta vare på det eksisterande vegnettet og avgrense vedlikehaldsetterslepet. Difor må oppgradering og utskifting av fylkesvegbruer, kaier og forsterkingsprogrammet prioriterast framfor nybygg.

3. Fylkestinget slår fast at dei høge økonomiske bindingane knytt til vedtekne prosjekt gjer at det ikkje er økonomisk handlingsrom for å følgje opp strategiane i Regional transportplan, og følgje opp vedtaket om å starte opp store gang- og sykkelprosjekt årleg utanfor byvekstområdet. Fylkestinget konstaterer at det er svært avgrensa moglegheit for oppstart av nye tiltak innanfor rammeløyvingane til regionale hovudvegar, trafikktryggleik og mindre utbetringar, mjuke trafikantar og kollektivinfrastruktur. Dersom det er økonomisk handlingsrom ønskjer fylkestinget å prioritere midlar til rammeløyvinga for trafikktryggleik og mindre utbetringar.

4. Fylkestinget held fast på tidlegare prioritering av store rassikringsprosjekt der fv. 609 Heilevang, fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen-Austrepollen skal prioriterast i tråd med PS 138/2024 Budsjett 2025/økonomiplan 2025-2028 innkludert budsjettmerknaden; «Fylkestinget har ei klar forventning om at Vestland fylkeskommune og Kontaktutvalet som er oppretta for prosjekta på Fv 49, Tokagjelet og Poll til Poll, som del av arm til Bergen, også arbeidar for samfinansiering av desse prosjekta. Låneopptak for fylkeskommunen sitt bidrag til desse prosjekta skal finansierast av øyremerka skredsikringsmidlar avsett på bunde fond». Fylkestinget legg til grunn at innanfor dei statlege rassikringsmidlane skal 100 mill. kr årleg gå til innovativ skredsikring og andre mindre skredsikringstiltak.

5. Grunna fylket sin økonomiske situasjon og kostnadene ved bru, ligg realisering av bru over Esefjorden fram i tid. Fylkestinget vil uansett skredssikre fv. 55 i Esefjorden i Sogndal, og ber om at fylkesdirektør kjem tilbake med sak om å nytte dette som pilot for innovativ skredsikring.

6. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere tiltak med ekstern finansiering som til dømes statlege midlar, bompengefinansiering og spleiselag med kommunar og private. a. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å kome attende med saker knytt til bompengefinansiering av fv. 57 Holmeli-Sætenes og Osterøypakken. b. Fylkestinget meiner at rammeløyvinga til samfinansiering bør vidareførast, og at faglege vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak. c. Fylkestinget viser til at Statens vegvesen i sitt gjennomføringsprogram har lagt inn kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal, og ber fylkesdirektøren gå i dialog med vegvesenet om mogleg samfinansiering for prosjekta i komande økonomiplanperiode.

7. Fylkestinget viser til at det er mange pågåande planprosessar for tiltak som ikkje har finansiering til gjennomføring, og at planreserven er for høg i forhold til dei økonomiske ressursane som er tilgjengeleg for gjennomføring. Oppstart av nye planprosjekt krev store ressursar, og fylkestinget ser at det er avgrensa rom for å starte opp nye planar. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere planar for prosjekt som er realistiske å få gjennomført.

8. Fylkestinget ber fylkesdirektøren vurdere å utarbeide breiare konsekvensanalysar ved prioritering av framtidige investeringsprosjekt i Regional transportplan.

9. Fylkestinget ber også om ei sak der fylkesdirektøren drøfter endring frå P50 til P85 kostnadsestimat i investeringsprosjekt i RTP for å redusera økonomisk risiko.

10. Fylkesutvalet ber om ei sak i god tid før neste rullering av RTP der ein vurderer om ein skal ha politisk vedtekne marginallister over tiltak.

Voteringer

  1. Innstillinga unnateke punkt 1 og punkt 6Falt

    19 for · 45 mot

    • FrP 9 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • R 1 for / 1 mot
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  2. Alternativt punkt 1Falt

    Alternativforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (FrP)

    Forslagsteksten

    Fylkestinget sluttar seg til Handlingsprogram RTP Investeringar 2025 slik det ligg føre, men aukar den samla investeringsramma til Strekningsvise fylkesvegprosjekt og Trafikktrygging/mindre utbetringar med totalt 250 mill kr pr år. Dette vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029 fram mot fylkestinget i desember 2025.

    17 for · 47 mot

    • FrP 9 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  3. Innstillinga punkt 1Falt

    7 for · 57 mot

    • MDG 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  4. Alternativt pkt. 6Falt

    Alternativforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (FrP)

    Forslagsteksten

    a. Fylkestinget meiner at rammeløyvinga til samfinansiering bør vidareførast, og at faglege vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak. b. Fylkestinget viser til at Statens vegvesen i sitt gjennomføringsprogram har lagt inn kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal, og ber fylkesdirektøren gå i dialog med Statens Vegvesen om mogleg samfinansiering for prosjekta i komande økonomiplanperiode.

    16 for · 48 mot

    • FrP 9 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  5. Innstillinga punkt 6Falt

    5 for · 59 mot

    • MDG 3 for
    • INP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • R 2 mot
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  6. Nytt forslag punkt 6. d)Falt

    Tilleggsforslag fra Rita Tonning (R)

    Forslagsteksten

    Fylkestinget ber om at fylkesdirektøren går i dialog med Høyanger kommune om Fv 55 i Kårekvika i Vadheim, Fv 5597 Vadheim/Dyrneslia-Nautsundet og Fv 5586 Osland Brygge til Oppedal ferjekai og kome tilbake med ei sak.

    6 for · 58 mot

    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  7. Nytt punkt: GrimesvingeneFalt

    Tilleggsforslag fra Marthe Hammer (SV)

    Forslagsteksten

    Tillegg, nytt punkt FV 587 Grimesvingene er høgt trafikkert fylkesveg (ÅDT om lag 11 000), med ei svært viktig strategisk rolle som omkøyrings- og avlastningsveg i Bergen med særs dårleg framkome. Med planlegging av bybane i Bergen og oppgradering av Fløyfjellstunnellen er det ikkje berre behov for mindre strakstiltak, men at ein realiserer tunell bak Grimesvingene. Ny trafikksituasjon i Skjordskiftet med omlegging av E39 Rådal, gjer at ein ny tunnell bak Grimesvingene kan erstatte framtidig behov for ny motorvegtunnel. Vestland fylke ber om at ny tunnell bak Grimesvingene vert tatt med i dialog med Bergen kommune og staten om finansiering og trafikkavvikling for gjennomføring av bybanen til Åsane og ny Fløyfjellstunnell.»

    16 for · 48 mot

    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • KrF 2 for / 1 mot
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • V 3 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot
  8. Nytt punktFalt

    Tilleggsforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (FrP)

    Forslagsteksten

    Arbeidet med Masfjordsambandet som ferjeavløysingsprosjekt vert vidareført.

    14 for · 50 mot

    • FrP 9 for
    • Uavh. 3 for
    • INP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • R 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 1 for / 13 mot
  9. Davies sitt forslag unnateke punkt 6Falt

    47 for · 17 mot

    • H 14 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • MDG 3 mot
    • Uavh. 3 mot
    • FrP 9 mot
  10. Davies sitt forslag punkt 6Falt

    39 for · 25 mot

    • A 12 for
    • H 13 for / 1 mot
    • Sp 7 for
    • KrF 3 for
    • V 3 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • R 2 mot
    • MDG 3 mot
    • Uavh. 3 mot
    • SV 5 mot
    • FrP 9 mot

Andre behandlinger

  • 4. juni 2025 Fylkesutvalet: Regional transportplan - Investeringar - Rullering 2025
  • 21. mai 2025 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Regional transportplan - Investeringar - Rullering 2025

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.