Reglement for folkevalde organ og delegering
Vedtak
Vedtatt som innstilt.
1. Fylkestinget vedtek at delegering etter opplæringslova i særlovsreglementet vert erstatta med følgjande tekst:
Der opplæringslova og forskriftene til opplæringslova plasserer mynde eller oppgåver til fylkeskommunen utan nærare spesifikasjonar med omsyn til instans eller organ, har Fylkesdirektøren mynde til å opptre på vegner av fylkeskommunen, med slike unntak og presiseringar:
§ 1-6, 6. ledd Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur Hovudutval for opplæring og kompetanse kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.
§ 7-5 Godkjenning av lærebedrifter Før Fylkesdirektøren kan godkjenne ei lærebedrift, må ho vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda. Fylkesdirektøren skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
§ 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning Etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan Fylkesdirektøren trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda
§ 8-2 Yrkesopplæringnemnder Fylkestinget nemner opp yrkesopplæringsnemnd.
Saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før Fylkesdirektøren gjer vedtak i dei. Fylkesdirektøren skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
§ 10-7 Skolereglar
Hovudutval for opplæring og kompetanse har mynde til å gje forskrift om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).
§ 13-1 Bortvising Hovudutval for opplæring og kompetanse kan fastsetje i forskrift om skolereglar etter § 10-7 at elevane kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på skolereglane, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.
Hovudutval for opplæring og kompetanse kan fastsetje at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for opp til fem dagar. Det kan også fastsetjast at elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret dersom regelbrota er særleg alvorlege.
§ 15-2.Hovudmål på kvar skole Hovudutval for opplæring og kompetanse har mynde til å gje forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk.
§ 17-12 Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling Fylkestinget skal minst èin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.
§ 20-3.Ordensreglar for opplæringa for vaksne Hovudutval for opplæring og kompetanse kan gi forskrift om lokale reglar for opplæringa for vaksne, mellom anna om orden og oppførsel (ordensreglar). Hovudutval for opplæring og kompetanse kan i slike ordensreglar angi kva tiltak som kan brukast når deltakarar bryt ordensreglane, og korleis slike saker skal behandlast.
2. Fylkestinget vedtek at følgjande punkt vert innarbeidd i Reglement for hovudutval for opplæring og kompetanse punkt 3. Saker der hovudutvalet har avgjerdsmynde: - har mynde til årleg å vedta tilbodet om vidaregåande opplæring i fylket innanfor den økonomiske ramma som er vedteken av fylkestinget.
4. Må lesast i saksprotokollen
5. Konsesjonslova vert lagt til som ny lov nr. 51 i særlovsreglementet, med følgjande delegering:
Fylkesdirektøren har mynde til å signere eigenerklæring om konsesjonsfridom og skjema for søknad om konsesjon.
6. Særlovsreglementet, lov 16. Straffeprosesslova, vert oppdatert med følgjande delegering:
§ 3, jf. kap. 29
Fylkesdirektøren har mynde til å politianmelde og fremje sivile krav i saker som gjeld brotsverk mot fylkeskommunal eigedom og inventar.
§ 223
Fylkesdirektøren har mynde til å politianmelde tilsette. Dette mynde kan ikkje vidaredelegerast.
Fylkesordførar har mynde til å politianmelde i saker der lovbrot er utøvd mot medlem av politisk organ.
Fylkesdirektøren har mynde til å politianmelde og fremje eventuelle sivile krav for andre lovbrot enn dei som er nemnd over.
§ 59 a, jf. kap. 23 Den som har anmeldt saka har mynde til å krevje ny behandling (anke og klage).
§ 434 Den som har fremja sivile krav, har òg mynde til å krevje ny behandling.
§ 435 Den som har fremja sivile krav etter straffeprosesslova, har òg mynde til å inngi særskild anke etter tvisteloven sine reglar. Det same gjeld begjæring om gjenopning.
7. Fylkestinget vedtek at det vert oppretta eit nytt punkt 4 i Reglement for fylkestinget:
4. Referatsaker
Fylkestinget skal i hovudsak handsame politiske saker. Referatsaker vert lagt fram for aktuelle fagutval/fylkesutvalet.
Voteringer
- InnstillingVedtatt
65 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.