Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Ei meir effektiv og desentral sakshandsaming av energisaker!

PS 32/25 · Fylkestinget 18. mars 2025 · Behandlet

Voteringer

  1. Ei meir effektiv og desentral sakshandsaming i energisakerFalt

    Tilleggsforslag fra Sigrid Brattabø Handegard (H, Sp, A)

    Forslagsteksten

    Ei meir effektiv og desentral sakshandsaming av energisaker! Framlegg til uttale frå Vestland fylkesting 18.-19.03: Ei meir effektiv og desentral sakshandsaming av energisaker! Noreg treng ei betydeleg auke i produksjon av fornybar energi og auka kapasitet i straumnettet i løpet av få år. Tida det tek å få konsesjon, investere og bygge kraftverk og nett er no ein av dei største barrierane for å nå energi- og klimamål, og ein betydeleg barriære for ny næringsutvikling i Vestland. Ved utgangen av 2024 var det 265 energisaker saker som ikkje var tildelt sakshandsamar i NVE, 433 saker som er under handsaming, og 1 småkraftsak vart handsama i 2024. Sakshandsaminga av nye energisøknader tek uforholdsmessig lang tid. For vindkraft på land er behandlingstida for ein ny konsesjon i snitt over fem år. For nye, store vasskraftanlegg er behandlingstida over sju år. Nye, store kraftlinjer tek endå lengre tid og typisk meir enn åtte år. Skal Norge og Vestland behalda konnkuransekraft i næringslivet og kutta klimagassutslepp, krevst det nye grep! Vestland fylkesting bed regjeringa vurdera: · Å overføra sakshandsaminga på nettilkobling til fylkeskommunen · Å innføra tidsfristforskrift i handsaminga av energisøknader · Å overføra konsesjonshandsaming av småkraftverk til fylkeskommunen. EU har tatt grep for å få opp farten på saksbehandlinga av energisaker. Fornybardirektivet i energipakke 4 seier at behandlinga av nye konsesjonar skal skje raskare, enklare og billegare, med ein tidsfrist på to år som i heilt spesielle situasjonar kan forlengast med eitt år. Uavhengig av innføringa av fornybardirektivet i Noreg, har vi moglegheit til å behandle energisøknader om nett og produksjon raskare. For akvakultursøknader har vi ei eiga forskrift for samordning og tidsfrister i behandlinga, slik at saksbehandlingstida frå mottak av søknad til endeleg vedtak, inkludert vedtak etter dei ulike særlovene, ikkje skal ta meir enn 22 veker. Vestland fylkesting rår regjeringa til å la seg inspirere av tidsfristforskrifta for akvakultursøknader og lage ei forskrift med tidsfrister også for energisøknader. Denne forskrifta bør ha tidsfristar for dei ulike trinna i behandlinga av energikonsesjonar for nye kraftverk, nett og transformatorstasjonar. Fylkeskommunen har i dag ansvar for å handsama komplekse aquakultursøknader. Dette løyser ein i dag i hovedsak innen fristen på 22 veker. Vestland fylkesting ber regjeringa no vurdera å flytta ansvar for sakshandsaminga på nettilkobling og småkraftsøknader til fylkeskommunane eller dei regionale NVE- kontora som eit effektiviseringstiltak. Vestland står for om lag 25 prosent av all energiproduksjon i Norge, og har kompetansemiljø i denne type saker. ∙ Sendast Energidepartementet, Energi- og miljøkomiteen og Stortingsbenkane i Vestland

    42 for · 18 mot

    • H 14 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • KrF 3 for
    • MDG 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • V 1 mot
    • R 2 mot
    • SV 5 mot
    • FrP 8 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.