Fråsegn; Gatehospitalet i Bergen
Voteringer
- Gatehospitalet i Bergen må sikrastVedtatt
Forslag fra Trude Brosvik (KrF)
Forslagsteksten
GATEHOSPITALET I BERGEN MÅ SIKRAST, STATEN HAR IKKJE RÅD TIL Å LA VERE! Vestland Fylkesting er sterkt opptekne av å hindre utenforskap og at folk som av ulike grunnar fell utanfor, får nye sjansar. Nokre i denne gruppa er dei som har rusproblem, ofte i kombinasjon med psykisk uhelse eller andre sjukdomar. Vi er kjent med at Gatehospitalet i Bergen, drive av Frelesarmeen, må innskrenke arbeidet sitt mykje nettopp for denne gruppa. Gatehospitalet er eit lågterskeltilbod til rusavhengige som treng legebehandling. Dei tar også imot ferdigbehandla pasientar som sjukehuset ikkje kan sende direkte heim. Frå 2023 vart øyremerka tilskot til Gatehospitalet teke ut av statsbudsjett. Gatehospitalet i Bergen manglar no 6 millionar for framleis å drifte 14 senger og unngå kutt i tal personar dei kan hjelpe og i tilsett fagpersonell. Vestland Fylkesting ber Regjeringa løyve midlar for å sikre drifta og å vurdere på nytt korleis vi som samfunn best mogeleg kan sikre ideelle organisasjonar sitt viktige arbeid innan helse og omsorg. Vi veit at det er behov. Vi veit at det nyttar! Vestland fylkesting meiner fellesskapet har eit stort ansvar for å gi hjelp og behandling til dei som er avhengige av rusmidlar. Vi må aldri gi opp trua på at menneske kan komme ut av avhengighet og bli rusfrie, og heller ikkje gje opp dei som ikkje klarer det, men som kan få eit betre liv. Sendast til Helse- og omsorgsdept, Helse- og sosialkomiteen på Stortinget, Stortingsbenkane frå Vestland fylke
60 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.