Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Optimalisering av vedtekne reguleringsplanar

PS 8/25 · Fylkestinget 18. mars 2025 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Møteprotokoll i fylkesutvalet 05.03.2025

1. Fylkestinget registrerer at det vert eit avgrensa økonomisk handlingsrom for realisering av prioriterte vegutbetringar i åra frametter. Krav til klima og miljø tilseier også at det er behov for å redusere arealbeslaget av nye vegtiltak. Reguleringsplanar som er aktuelle for realisering, må gjennomgåast med sikte på avklare om det er grunnlag for optimalisering med sikte på å kunne få meir for pengane og å redusere arealbeslaget. Samtidig må det sikrast at måloppnåinga i prosjekta ikkje blir svekka i vesentleg grad, og at livsløpskostnadene ikkje vert auka.

2. Det skal i vurderinga av kva for prosjekt som skal optimaliserast leggjast særleg vekt på at prosjekta har god måloppnåing, at det er eit potensiale for å redusere kostnader og arealbeslag, samt at det er realistisk å kunne få finansiert prosjektet i nær framtid.

3. Fylkestinget ber om at følgjande tiltak vert prioritert for optimalisering i første omgang:

a. For fv. 560 Hammersland-Eide i Øygarden kommune skal det leggjast til grunn H1 standard. Andre kostnadssparande tiltak som å erstatte bru med kulvert skal også vurderast.

b. Fv. 566 Vesetgjelet i Osterøy kommune skal optimaliserast med sikte på å betre trafikktryggleiken på strekninga.

4. Fylkestinget kjem tilbake til vidare prioritering av prosjekt for optimalisering i samband med rullering av RTP Investeringar i juni 2025.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 5. mars 2025 Fylkesutvalet: Optimalisering av vedtekne reguleringsplanar
  • 12. feb. 2025 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Optimalisering av vedtekne reguleringsplanar

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.