Retningslinjer for båttilbodet i Vestland
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Saksprotokoll i Fylkesutvalet - 05.03.2025
1. Båt er ein naturleg og naudsynt transportform i Vestland, for fastlandstilknyting, fjordkryssing og for å binde regionane saman. Samstundes er båtdrift kostnadskrevjande for fylkeskommunen. For å sikre eit tenleg tilbod til dei reisande på tvers av fylket, god samfunnsnytte og berekraftig økonomisk drift skal tilbodet bli utvikla vidare i tråd med fastsette retningslinjer.
2. I arbeidet fram mot ein heilskapleg plan for båttilbodet i Vestland, legg ein følgjande retningslinjer til grunn for utviklinga: •Båttilbodet bør som hovudregel utviklast der båten har sine særlege fortrinn, som når båten er einaste reisealternativ, gir vesentleg raskare reiser, eller tilbyr effektiv fjordkryssing som kan gi positive synergiar i kollektivnettet.
•På strekningar der buss er eit alternativ til båt, vil bussen som hovudregel vere eit betre alternativ med omsyn til kostnader og energibruk. Langruter for båt der buss gir eit reelt reisealternativ bør unngåast eller grunngjevast særleg.
•Reisebehovet er utgangspunktet for utvikling av båttilbodet, og vil saman med vurdering av samfunnsnytte og kostnadar, inngå i fastsetjing av tilbodsnivået for båt.
•Båttilbodet til øyer og veglause samfunn skal primært sikre innbyggarane tilgang til samfunnskritiske tenester som skule, arbeid og planlagde helseavtalar. Det skal òg dekke grunnleggande fraktbehov, som mindre leveransar av varer og post, for å støtte innbyggarane sine kvardagsliv.
•Større volum av varer og frakt til næringsaktørar er å rekne som eit kommersielt behov, og bør handterast utanom det ordinære rutetilbodet eller på separate avgangar, for å sikre at båttilbodet kan prioritere passasjerar og grunnleggande frakt.
•Reisebehov frå øyer og veglause samfunn med svært få innbyggarar, utan behov for skuleskyss, vil ikkje automatisk utløyse båttilbod med fylkeskommunalt tilskott. Fylket skal likevel, saman med kommunen, prøve å få til eit minimumstilbod for fastbuande. Sidan dette i kvart enkelt tilfelle vert avgjort med skjønn, skal avgjerda vere politisk.
3. Fylkestinget ber om at det blir lagt til rette for at kommunar kan finansiere tilbodet utover nivået som blir tilbydd frå fylkeskommunen, for å dekke lokale behov som naturleg er knytt til kommunen sine ansvarsområde.
4. Det er eit ønskje at områda som naturleg høyrer saman vert lyste ut som ein samla rutepakke, slik at omsyn til dei reisande, viktige korrespondansar og utnytting av materiell blir best mogleg ivaretatt.
Voteringer
- Heilskapleg plan for båtruter i VestlandFalt
Alternativforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (FrP)
Forslagsteksten
Fylkestinget ber om at det vart lagt fram ein heilskapleg plan for definering av båttilbodet i Vestland. Planen skal på høyring hos kommunane, og skal danne grunnlag for framtidige konkurransar om båttilbodet.
27 for · 38 mot
- H 15 for
- FrP 9 for
- Bergenslisten 1 for
- Uavh. 2 for / 1 mot
- INP 1 mot
- PP 1 mot
- R 2 mot
- KrF 3 mot
- MDG 3 mot
- V 3 mot
- SV 5 mot
- Sp 7 mot
- A 12 mot
- Innstillinga unnateke punkt 3Falt
38 for · 27 mot
- A 12 for
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- V 3 for
- R 2 for
- INP 1 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 mot
- Uavh. 1 for / 2 mot
- FrP 9 mot
- H 15 mot
- Innstillinga punkt 3Falt
34 for · 31 mot
- A 12 for
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- V 3 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 mot
- INP 1 mot
- R 2 mot
- Uavh. 3 mot
- FrP 9 mot
- H 15 mot
Andre behandlinger
- 5. mars 2025 Fylkesutvalet: Retningslinjer for båttilbodet i Vestland
- 12. feb. 2025 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Retningslinjer for båttilbodet i Vestland
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.