Medlemskap i Norske Kjernekraftkommunar
Voteringer
- Forslag til vedtakFalt
Alternativforslag fra Ann Jorun Hopen (INP)
Forslagsteksten
Medlemskap i Norske Kjernekraftkommuner. Vi har eit kraftoverskot i Noreg i dag. Kraftproduksjonen vår er i hovudsak fornybar, og det er vasskrafta som er ryggraden i kraftsystemet vårt. Men også i Noreg vil det vere eit behov for å styrke kraftbalansen framover. Kjernekraft som energikilde er stabil og regulerbar, i motsetning til ustabil sol- og vindkraft, som produserer energi når det er sol og det bles akkurat passe. Ein stor andel ustabil kraft i strømnettet gjer at det blir vanskjeleg å oppretthalde balansen i kraftsystemet, da rotasjonsenergi er viktig for frekvensstabiliteten til systemet. No vert det utvikla små, modulære reaktorar (SMR) som har ein tryggare og meir effektiv reaktorteknologi enn tidlegare. Det er óg mindre avfall, og dei passive systema gjev mindre risiko. SMR er også mykje mindre inngripande reint arealmessig i naturen enn alle andre energiformar. Eit kjernekraftverk genererer også arbeidsplassar, ikkje berre i etableringsfasen, men gjennom heile driftsperioden. Det vil gje positive økonomiske ringverknader for kommunane. Med ei levetid på opptil 100 år kan tre generasjonar arbeide ved det same kjernekraftverket. Norsk Kjernekraft AS med Vestland fylke sin eigen Trond Mohn på laget har ein forretningsmodell der dei ikkje ber om subsidiar frå staten, i motsetning til dei såkalla grøne industrieventyra, som batterifabrikkar, havvind, hydrogenproduksjon osb. Norske Kjernekraftkommuner vart formelt stifta 31. mai, og hadde eit interimsstyre før det. I februar sendte dei invitasjon til alle kommunane og fylkeskommunane om å bli med. Heile 60 kommunar og fylkeskommunar er no med i Norske Kjernekraftkommuner, noko som nesten er ei dobling sidan mai, då talet var 34. Av fylkeskommunane, er desse med: Telemark, Østfold, Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland. I Vestland er kommunane Høyanger, Ullensvang, Øygarden og Alver med, og i tillegg har Austrheim signalisert at dei vil vere med. Spørsmål til fylkesordføraren: 1. Har Vestland Fylkeskommune vore i dialog med Norske Kjernekraftkommuner og kva kom i så fall ut av det? 2. Vil fylkesordføraren ta initiativ til at Vestland fylkeskommune vert med i Norske Kjernekraftkommuner? Forslag til vedtak: Vestland Fylkeskommune søkjer medlemskap Norske Kjernekraftkommuner AS.
12 for · 48 mot
- FrP 8 for
- Uavh. 3 for
- Bergenslisten 1 for / 1 mot
- PP 1 mot
- KrF 2 mot
- R 2 mot
- MDG 3 mot
- V 3 mot
- SV 4 mot
- Sp 7 mot
- A 12 mot
- H 13 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.