Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Eit landbruk å leva av

PS 169/24 · Fylkestinget 11. desember 2024 · Behandlet

Voteringer

  1. Eit landbruk for framtidaFalt

    Alternativforslag fra Steffen Fjellestad (R, Sp)

    Forslagsteksten

    Vi lever i ei utrygg verd med krig i Europa og Midt- Østen. I ei verd der klimaendringar viser seg med meir ekstremt og uføreseieleg vær. Beredskap og matsikkerheit må setjast tydlegare på dagsorden og prioriterast svært høgt. Det er viktig at vi lokalt og regionalt klarer å prioritere eigen matproduksjon på tilgjengeleg areal høgt. Det må skapast vekstkraft for matproduksjonen i Vestland. Grasproduksjon og tilhøyrande husdyrhald er bærebjelken i Vestlandsjordbruket. Overgangen frå båsfjøs til lausdrift er ei av våre største utfordringar. Det er avgjerande for matfylket Vestland at vi også etter at lausdriftskravet slår i kraft i 2034 klarer å oppretthalde vår del av mjølkeproduksjonen. I dag vert 70 % av mjølka i Vestland produsert i lausdriftsfjøs. Investeringar som er sett i gang og under planlegging, og auka optimisme for mjølkeproduksjon gjer at vi er på god veg til å kunne nå målet om å få med 100% av dagens volum over i lausdriftsfjøs. Ei forutsetning for dette er at gode tilskotsordningar blir styrka slik at alle kjem med. Desse vert svekka når tretilskotet på 400 000 kr vert fjerna frå nyttår, det krevst difor ei opptrapping på dei 8 åra som no er igjen til 2034. I dag er Noregs sjølvforsyningsgrad på kring 40 %. Målet er at den skal aukast til 50 % korrigert for fôrimport. Auka sjølvforsyningsgrad er ikkje mogleg utan å auke inntekta til bonden. Inntektsnivået i jordbruket er lågt, og Stortinget har bedt om at det må leggast fram ein tidfesta opptrappingsplan basert på eit omforent nytt talgrunnlag. Dette ber me regjeringa følge opp for å sikre breiast mogleg oppslutnad om jordbruksoppgjeret til våren. Ein stor del av potensialet for å nå 50 % sjølvforsyning, avheng av kva forbrukar handlar når dei er i butikken. Dette gjeld også det offentlege. Det er eit uutnytta handlingsrom på alle nivå når det kjem til innkjøp av matvarer. Skal ein ha tilgang på mat i krisetid må ein kjøpe den i fredstid. Det er ein løpande lønnsom matproduksjonen over heile landet som gir størst reell matberedskap. Me er glad for å sjå grep som er teke for styrka produksjon og også for lagerberedskap som er teke og at regjeringa arbeider med dette, samtidig er det ikkje til å unngå å påpeike at mykje arbeid gjenstår. Vestland fylkesting: 1. Tek den låge lønsemda i landbruket på alvor, og ser auka lønsemd som eit heilt instrumentelt middel i å nå regjeringas mål om 50% sjølvforsyning basert på norske ressursar. Jordbruksfylket Vestland har no ikkje fleire bønder eller meir jordbruksareal å mista. 2. Ber regjeringa om å lytta til dei viktige signala frå næringa og arbeide for eit breiast mogeleg fleirtal for eit nytt talgrunnlag i Stortinget våren 2025. Det må vere eit talgrunnlag som står seg over tid mellom skiftande regjeringsamarbeid. Vestlandsbonden treng forutsigbarheit for sine investeringar. 3. Ber regjeringa om å innføre eit nytt bærekrafttilskot til bygging av lausdriftsfjøs som skal erstatta tretilskotet, og styrke investeringsverkemedela slik at flest mulig får bygd innan fristen. 4. Ber regjeringa gå føre med eit godt eksempel ved å prioritere norske matvarer ved alle innkjøp. Og arbeide for at offentlege innkjøp på alle nivå så langt det let seg gjere er norskproduserte matvarer.

    37 for · 19 mot

    • A 10 for
    • Sp 7 for
    • SV 4 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • KrF 2 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • FrP 7 mot
    • H 12 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.