Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Endra organisering av prosess for budsjetthandsaming

PS 139/24 · Fylkestinget 11. desember 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Saksprotokoll i fylkesutvalet - 10.12.2024: 1. Fylkestinget legg ned finansutvalet og avviklar finansutvalsmodellen ein til no har hatt i Vestland fylkeskommune. Finansutvalsmoddelen vert erstatta med følgjande: Fylkesdirektøren legg fram budsjettinnstilling og forslag til økonomiplan etter at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ligg føre. Budsjettkonferanse i fylkesutvalet i juni: Vurdering av dei økonomiske rammene i økonomiplanperioden Prioriteringsdrøfting/justering av sektorrammene Gjennomgang av avdelingane sin økonomi – involvering av avdelingsdirektørane Budsjettkonferanse i fylkesutvalet i oktober: Fylkesdirektøren presenterer budsjettforslag/økonomiplan Presentasjon og tid for partigruppene å stille spørsmål/starta budsjettarbeidet 2. Fylkestinget vedtek følgjande endringar i reglement for folkevalde organ og delegering: a. Reglement for finansutvalet vert oppheva. b. Finansutvalet vert fjerna frå oversikt over innstillingsrett folkevalde organ, oversikt over uttalerett folkevalde organ, og kva organ fylkestinget skal behandla møteplan for, jf. reglement for saksbehandling siste ledd i punkt 5, i reglement for folkevalde organ og delegering. c. Fylkestinget vedtek å endre reglement for økonomiforvaltninga slik: - Erstatte punkt 2.1: Fylkesutvalet gjev innstilling til fylkestinget om årsbudsjett og økonomiplan, etter forslag frå fylkesdirektøren. Det vert arrangert budsjettkonferanse i fylkesutvalet i juni og oktober. - Utvalsleiarane og alle gruppeleiarane har møte og talerett i budsjettkonferansane. - Nytt underpunkt punkt 3 Hovudutvala 3.3 Hovudutvala har høve til å gje uttale til budsjettinnstilling og forslag til økonomiplan. - Nytt underpunkt punkt 4 Fylkesdirektøren 4.1 Fylkesdirektøren legg fram budsjettinnstilling og forslag til økonomiplan etter at regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ligg føre. 3. Avdeling for kultur og folkehelse sitt budsjett, inkl. ramma til tilskotsordningar og innstilling til tilskot i tilskotsordninga "Driftstilskot – kultur og folkehelse", blir synliggjort ved endeleg budsjettframlegging av fylkesdirektør.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.