Investeringar i skulesektoren
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Saksprotokoll i fylkesutvalet - 25.11.2024: 1. Os vgs - omstrukturering av uteområda, etablering av nybygg for bygg- og anleggslinja og rehabilitering av B-bygget blir igangsett. Rehabilitering/endring av C-bygget blir utsett og framlagd i eigen sak saman med vurderingar knytt til samanslåing av Os vgs og Os gymnas. 2. Arbeidet med å regulere for byggetrinn 2 på Stord vgs blir starta opp med basis i vedteken tilbodsstruktur og utarbeida arkitektonisk løysing frå byggetrinn 1. Vidare arbeid etter reguleringsarbeidet, vert å koma tilbake til i framtidige investeringsplanar. 3. To klassar HO som i tilbodsstrukturen er planlagd utlyst ved Olsvikåsen vgs 2025, skal eventuelt lysast ut ved ei anna skule i Stor-Bergen. 4. Fylkesdirektøren får mynde til å forlenga leigeavtalane for smedlinja ved Odda vgs med eit år. 5. Fylkestinget vise til vedtak i sak 102/24 kor det mellom anna heite at ein: "ser stort potensiale i korleis fylkeskommunen kan bidra til områdeløft ved å spele på lag med kommunane der vi har vidaregåande skular. Fylkestinget ber om at fylkeskommunen aktivt går i dialog med kommunane i alle sine planar om nybygg og rehabilitering." Vi bed om at dette samt vedteken tilbodsstruktur vert lagt til grunn for arbeidet med å utvikla eit konkret prosjekt for den vedtekne utbygginga av Årstad vgs. Det skal i samband med prosjektet på Årstad vurderast om det er mogeleg å flytte nokre klassar i vg1 teknologi- og industrifag frå LBM vgs til Årstad vgs. Årstad vgs skal primært brukast til vgs., men det skal også vurderast om Fagskulen Vestland kan ha lokalisert noko av si verksmed der. 6. Eigedommen på Nygård skal rehabiliterast og verte utvida så mykje som råd. Fylkestinget bed om ei grundig vurdering av kor mykje av Fagskulen Vestland sin aktivitet som kan få plass i eit utvida skulebygg saman med LBM vgs sin noverande aktivitet i bygget. 7. Det verte utgreidd korleis den resterande aktiviteten til LBM vgs og Fagskulen Vestland kan verte lokalisert ved høvesvis: delvis nytt skuleanlegg ved tidlegare Laksevåg vgs., nytt skuleanlegg i Møllendal og nytt skuleanlegg på Mindemyren. Dei tre alternative skal verte samanlikna på både pris og kvalitet for brukarane. 8. Fylkestinget ber styret i Fagskulen Vestland om eit grundig og grunngitt innspel om skulen sitt behov for areal og utstyr for opplæringa i Bergen og tydelege kriterium for val av lokalisering i Bergen. Nye lokalar til Fagskulen må vere på plass innan sumaren 2031. Fylkestinget bed om at det er utvikla ein ferdig plan for lokalisering av fagskulen innan utgangen av 2025.
Voteringer
- Alternativt, helhetlig forslag (Fylkesdirektøren sin innstilling)Falt
22 for · 40 mot
- H 14 for
- FrP 8 for
- PP 1 mot
- Bergenslisten 2 mot
- R 2 mot
- KrF 3 mot
- MDG 3 mot
- Uavh. 3 mot
- V 3 mot
- SV 4 mot
- Sp 7 mot
- A 12 mot
- Innstillinga punkt 1-4Falt
40 for · 22 mot
- A 12 for
- Sp 7 for
- SV 4 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- Uavh. 3 for
- V 3 for
- Bergenslisten 2 for
- R 2 for
- PP 1 for
- FrP 8 mot
- H 14 mot
- Innstillinga punkt 5-8Falt
0 for · 62 mot
- Davies sitt alternative forslag punkt 5-9Falt
40 for · 22 mot
- A 12 for
- Sp 7 for
- SV 4 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- Uavh. 3 for
- V 3 for
- Bergenslisten 2 for
- R 2 for
- PP 1 for
- FrP 8 mot
- H 14 mot
Andre behandlinger
- 25. nov. 2024 Fylkesutvalet: Investeringar i skulesektoren
- 20. nov. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Investeringar i skulesektoren
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.