Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

E16 Arna - Stanghelle - Auka garantiramme

PS 145/24 · Fylkestinget 11. desember 2024 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Saksprotokoll i fylkesutvalet - 25.11.2024: 1. Vestland fylkeskommune garanterer ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak for Ferde AS, avgrensa oppover til 8 910 mill. kr for lån til delfinansiering av E16 Arna-Stanghelle. 2. Garantibeløpet gjeld med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet blir følgjeleg 9 800 mill. kr. 3. Garantien omfattar også inngåtte sikringsavtalar tilknytt prosjektets lånefinansiering. 4. Vestland fylkeskommune har rett til å sikre garantiane med 1. prioritets pant i Ferde AS sin rett til å krevje inn bompengar i E16 Arna-Stanghelle, med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og omkostningar. 5. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevingsperioden på 15 år. Innkrevingsperioden kan i særskilte tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskriftene § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggeperioden, på inntil 31 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen. 6. For å redusere garantistens økonomiske risiko, kan Ferde AS ved sviktande økonomi i E16 Arna-Stanghelle, søkje ein auke i gjennomsnittstaksten med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. 7. Vestland fylkeskommune sitt garantiansvar blir redusert i takt med den faktiske nedbetalinga av Ferde AS si gjeld for E16 Arna-Stanghelle. 8. For å sikre bompengeinnkrevjinga frå mogleg kryssfinansiering, seier Vestland fylkeskommune frå seg moglegheita for regresskrav som går utover Ferde AS sin innkrevjingsrett for E16 Arna-Stanghelle i tilfelle der garantien kjem til anvendelse. 9. Garantiane blir gitt under føresetnad av Kommunal- og distriktsdepartementet si godkjenning etter kommunelova § 14-19 første ledd. 10. Vestland fylkeskommune ønskjer å innlemme E16 Arna–Stanghelle i ei framtidig ordning for statleg delgaranti. Fylkeskommunen ønskjer 50 pst. avlastning på sitt garantiansvar. 11. Fylkeskommunen ser det som naturleg at staten sitt med heile garantiansvaret ved statlege samferdsleprosjekt.

Voteringer

  1. Innstillinga punkt 1-5 og 7-9Vedtatt

    55 for · 9 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 6 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • FrP 9 mot
  2. Innstillinga punkt 6Falt

    48 for · 16 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 6 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 2 mot
    • R 2 mot
    • Uavh. 3 mot
    • FrP 9 mot
  3. Innstillinga punkt 10Vedtatt

    55 for · 9 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 6 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • FrP 9 mot
  4. Innstillinga punkt 11Vedtatt

    64 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 25. nov. 2024 Fylkesutvalet: E16 Arna - Stanghelle - Auka garantiramme
  • 19. nov. 2024 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: E16 Arna - Stanghelle - Auka garantiramme

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.