Open skule og utlån til frivillig sektor ved vidaregåande skular i Vestland
Innstilling
Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.
Saksprotokoll i fylkesutvalet - 25.11.2024: 1: Vestland fylkeskommune legg gratisprinsippet til grunn for utlån av fylkeskommunale bygg og eigedom for aktivitet der born og ungdom under 20 år utgjer fleirtalet av brukarane. Denne gruppa skal vera prioritert ved utlån. 2: Vestland fylkeskommune innfører open skule og utlån til frivillig sektor ved dei vidaregåande skulane i Vestland som i dag ikkje har leigeinntekter knytt til dette, frå og med 1. januar 2025. Kvar skule skal vera open 12 timar i veka i gjennomsnitt igjennom skuleåret. Tiltaket vert gjennomført innanfor ramma og endeleg finansiering blir å komme tilbake til ved revidering av budsjettet i juni 2025 når ein ser erfaringane frå ordninga. 3: Vestland fylkeskommune innfører open skule og utlån til frivillig sektor ved dei vidaregåande skulane i Vestland som i dag har leigeinntekter, frå og med 1. august 2025. Finansiering må sjåast i samanheng med handsaming av revidert fylkesbudsjett i juni 2025. 4: Dei vidaregåande skulane skal rapportera om erfaringar og behov, slik at fylkesdirektøren kan leggja fram sak med evaluering av ordninga innan utgangen av 2025. 5: Vestland fylkeskommune legg til grunn at skulane sjølve organisering booking av utlånstid, og meiner såleis det ikkje er naudsynt med eit felles bookingsystem. 6: Vedlagt forslag til overordna rutine blir lagt til grunn for organisering av open skule og utlån til frivillig sektor ved vidaregåande skular i Vestland
Voteringer
- Innstillinga punkt 1-4 og punkt 6Vedtatt
61 for · 0 mot · enstemmig
- Alternativ punkt 5Vedtatt
59 for · 0 mot · enstemmig
- universell tilgangVedtatt
61 for · 0 mot · enstemmig
Andre behandlinger
- 25. nov. 2024 Fylkesutvalet: Open skule og utlån til frivillig sektor ved vidaregåande skular i Vestland
- 20. nov. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Open skule og utlån til frivillig sektor ved vidaregåande skular i Vestland
- 18. nov. 2024 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Open skule og utlån til frivillig sektor ved vidaregåande skular i Vestland
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.