Fråsegn: La Sawab og brørne hans bli!
Voteringer
- Fråsegn: La Sawab og brørne hans bli!Vedtatt
Tilleggsforslag fra Rita Tonning (R, Sp, A, SV, Uavh.)
Forslagsteksten
Oppdatert Tilleggsforslag Merknader Fråsegn: La Sawab og brørne hans bli! 19. september melde Avisa Hordaland om at Saweb, ein ung afghansk mann bosatt på Voss, har motteke utvisningsvedtak med effekt frå mandag 23. september. Då han kom til Noreg som einsleg mindreårig asylsøkar, oppgav han å komme frå Afghanistan. Sanninga er at han vaks opp i ein afghansk flyktningleir i Pakistan. Sawab er no 23 år gamal og tok fagbrev som tømrar 20. september. Sawab er godt integrerte i lokalsamfunnet og utvisinga har vekt sterk motstand på Voss både frå bygdefolk og alle dei politiske partia. Likevel meiner staten og utlendingsmyndigheitene at opplysningane Sawab gav som 14 åring gjer grunnlag og tyngde nok til at han skal kastast ut av landet. Dette til tross for at norske myndigheiter er kjent med forholda for afghanske flyktningar i Pakistan og situasjonen i Afghanistan. Sawab har dessutan verken afghansk eller pakistansk statsborgarskap. I paragraf 70 i utlendingslova vert det stilt krav til samhøve: "En utlending kan ikke utvises dersom det i betraktning av forholdets alvor og utlendingens tilknytning til riket vil være et uforholdsmessig tiltak overfor utlendingen selv eller de nærmeste familiemedlemmene. I saker som berører barn, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn". Vestland fylkesting meiner utkastelsen av Sawab Khan Oryakhel ikkje står seg, og at den bør revurderast. Sawab si sak og skjebne må sjåast i samband med broren Hameed (18) som går andre året på elektrofag og Azmat (16) på Sotra. Vedtak: Vestland Fylkesting ber Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda sjå på utvisningssaka til Sawab Khan Oryakhel og hans to yngre brør på nytt
52 for · 10 mot
- A 12 for
- H 13 for / 1 mot
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- Bergenslisten 2 for
- R 2 for
- Uavh. 2 for
- INP 1 for
- PP 1 for
- V 1 for
- FrP 9 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.