Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Føreseielege vilkår for havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar og lokalsamfunn langs Vestlandskysten.

PS 130/24 · Fylkestinget 30. september 2024 · Behandlet

Voteringer

  1. Føreseielege vilkår for havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar og lokalsamfunn langs Vestlandskysten.Vedtatt

    Alternativforslag fra Trude Brosvik (KrF)

    Forslagsteksten

    Føreseielege vilkår for havbruksnæringa er avgjerande for arbeidsplassar og lokalsamfunn langs Vestlandskysten. Før sommaren i år, vedtok eit samrøystes Storting at regjeringa skal levere ei ny teknologinøytral ordning, Miljøfleksibilitetsordningen, der det er oppdrettslokaliteten sitt miljøavtrykk som er styrande for tillete volum. I Stortinget sitt samrøystes vedtak heiter det at ordninga "bør kunne benyttes på det produksjonsvolum som er trukket inn som følge av rødt trafikklys i et produksjonsområde. Det vil i de tilfellene ikke være mulig å eventuelt konvertere tilbake til tradisjonell teknologi før dette volumet er retildelt som følge av grønt trafikklys." Oppdrettsnæringa må ha krav, bygt på forsking, og insitament til å få ned miljøbelastning, lakselus og avfallsproblem. Lukka anlegg må truleg vere ein del av løysinga dersom ein skal nå målet om mindre ureining og å bevare villaksen. Vestland fylkeskommune ber regjeringa garantere at dei i den varsla miljøfleksibilitetsordninga, følger opp Stortinget sitt vedtak, og ber om at det vert føreseieleg og sikkert at nedtrekt volum skal takast inn i miljøfleksibilitetsordninga og at ordninga skal tre i kraft i løpet av 2025, slik at Vestland igjen kan få insitament til å hente ut potensialet gjennom innovasjonskraft, investeringar og verdiskaping. Adressat for fråsegna: Regjeringa, Stortingspartia

    63 for · 0 mot · enstemmig

  2. Tilleggsforslag etter tredje avsnitt:Falt

    Tilleggsforslag fra Hege Lothe (R, MDG, SV, V)

    Forslagsteksten

    «Miljøfleksibilitetsordninga bør stille krav til oppdrettsnæringa om tilnærma nullutslepp. Om enkelte aktørar i næringa ikkje greier å følgje opp krava, vert løyve trekt tilbake. Ein bør stille krav til at landbasert oppdrett i hovudsak blir tekne i bruk på allereie nedbygde areal for å unngå at landbasert oppdrett fører til nedbygging av natur.»

    14 for · 48 mot

    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • R 2 for
    • PP 1 for
    • V 1 for
    • Bergenslisten 1 for / 1 mot
    • INP 1 mot
    • KrF 1 for / 2 mot
    • Uavh. 2 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 14 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.