Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025-2035

PS 102/24 · Fylkestinget 30. september 2024 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

1. Fylkestinget vedtek endringane med påfølgande implementeringsplan: For tabell, sjå saksprotokoll. 2. Byggeprosjekt vert planlagd med følgande prioritering: For tabell, sjå saksprotokoll Verbalpunkt: Nr. 1 (status og rullering) Heilskapleg plan for tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring skal vere retningsgjevande for tilpassing og endringar i tilboda i den vidaregåande skulen dei neste ti åra (2025 - 2035) i Vestland. Men det er i samband med budsjett, utlysing av tilboda, justering av tilboda og inntaket som vil avgjere kva tilbod som faktisk vert sett i gang på dei ulike skulane i Vestland. Planen skal verte rullert minst kvart fjerde år. Nr. 2 (utredning av bygg og nærområde) Fylkestinget ser stort potensiale i korleis fylkeskommunen kan bidra til områdeløft ved å spele på lag med kommunane der vi har vidaregåande skular. Fylkestinget ber om at fylkeskommunen aktivt går i dialog med kommunane i alle sine planar om nybygg og rehabilitering. Utgreiing av konkrete byggeprosjekt Følgjande byggeprosjekt skal utgreiast så snart som råd: *Nytt bygg på Årstad vgs på tomta til dagens C-bygg. Følgjande byggeprosjekt skal utgreiast fram mot neste rullering: *Full samlokalisering av dei to delane av noverande Stord vgs. *Samlokalisering av Os vgs. og Os gymnas *Ulike alternative lokaliseringar av Fagskulen i Vestland si verksemd i Bergen. *Rehabilitering av bygget til LBM på Nygård og eventuelt nybygg for Fagskulen på tomta rett ved. *Rehabilitering/nybygg for Austrheim vgs. *Forbetring av Knarvik vgs. *Utviding av Fyllingsdalen vgs. Nr. 3 (finansieringsmodell) Fylkestinget meiner det er behov for ein meir fleksibel finansieringsmodell for å nå målet om effektiv drift og tilstrekkeleg storleik på klassane. Modellen må innrettast på ein slik måte at han legg opp til gode lokale løysingar for å nytte kompetanse og bygg til det beste for elevane, møte behov i arbeidslivet og bidra til auka gjennomføring. Dette skal ikkje gå ut over kvaliteten på undervisninga. Fylkestinget ber administrasjonen leggje fram ei sak der fleire ulike modellar vert greidde ut. Nr. 4 (samarbeid mellom skular) Fylkestinget ønskjer meir samarbeid på tvers av vidaregåande skular og syner særskilt til samarbeidsavtalen mellom Høyanger vgs. og Førde vgs., og oppmodar andre skular til å vurdere liknande samarbeid. Fylkestinget bed om ei evaluering av gjennomførte samanslåingar ved neste rullering, og ber om at samanslåing av Fitjar vgs. og Stord vgs., Årdal vgs. og Sogndal vgs. og dei to vidaregåande skulane på Voss vert vurderte. Samarbeidet mellom Førde vgs og Høyanger vgs skal bygge på samarbeidsavtalen mellom dei to skulane og tilbodet skal lysast ut i tråd med den. Vidare legg fylkestinget til grunn at Knarvik og Austrheim har samarbeid om programfag, både fysisk og digitalt, for å sikre elevane i regionen eit breitt og variert programfagtilbod. Fylkesting legg til grunn at dette òg kan gjelde skulane i Nordfjord. Nr. 5 (mindre byggeprosjekt) Auka i plasstal i gruppene (som td ved Florø vgs) skal ikkje skje før dei bygningsmessige forholda er på plass. På grunn av den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen vert ikkje større rehabiliteringar og utbyggingar for å få dette til prioritert dei første planperiodane. Nr. 6 (lærlingar) Det er ønskeleg at alle lærlingar i Vestland får tilstrekkeleg oppfølging til å få ei utviklande og god lærlingetid. Det kan vere krevjande å vere den einaste eller ein av få unge på ein arbeidsplass, og det å tilrettelegge for at unge treffer unge, på fritida, kan vere ein veg å gå. Vestland fylkeskommune ynskjer at ein skal legge til grunn ein beste praksis, og vil peike på erfaringane som er gjort ved Nordfjord opplæringskontor, og oppfordrar at ein legg til rette for slik praksis i områder som har noko låg overgang til fagbrev, som Stor-Bergen. Nr. 7 (skogbruk) Fylkestinget ber administrasjonen leggje fram ei sak der ein vurderer moglegheitene for å opprette ei Vg2 Skogbruk-linje ved Voss vidaregåande skule. Utgreiinga skal omfatte ei kartlegging av behovet for eit slikt tilbod i regionen, potensielle samarbeidspartnarar innan skogbruket, tilgangen på læreplassar, samt ei analyse av nødvendige ressursar, fagkompetanse og infrastruktur. Vidare skal det vurderast korleis ei slik linje kan bidra til berekraftig forvaltning av skogressursane og styrkje lokale og regionale utviklingsmål. Nr. 8 (rekruttering av helsepersonell) Det er stort behov for å utdanne meir helsepersonell. Samstundes er det ei utfordring at kring halvparten av alle som startar på HO går over til på bygg og at det framleis er mange som ikkje får læreplass og det må opprettast vg3 løp i skule. Fylkeskommunen må ha god dialog med kommunane for å sikre rett dimensjonering opp mot tilgjengelege læreplassar. Det er også viktig at det vert jobba mot rådgjevarane i grunnskulane for å sikre god informasjon om dei ulike utdanningsløpa. Nr. 9 (idrettstilbod på Voss) Voss gymnas har over tid hatt eit breitt idrettstilbod med både sommar- og vinteridrett. Det er ønskeleg at breidda vert sikra , og tildeler derfor 1,5 klasseressurs. Slik det er i dag, er det ikkje nok søkarar til to klasser, og tanken er difor at skulen har dette som ein klasse som har både vinter- og sommaridrett. Dersom søkartala aukar, vil det bli tilført nødvendig ressursar til auken. Det er forutsett at skulen organiserer idrettselevane mest mogeleg effektiv. Nr. 10 (Kvam vgs) Fylkestinget registrerer at Kvam vidaregåande skule ynskjer å tilby vg2 barne- og ungdomsarbeidar og vg2 helsefagarbeidar for 1 grupperessurs, og vg2 industriteknologi og vg2 transport og logistikk for 1 grupperessurs. Fylkestinget ser på dette som eit spanande prosjekt for å nytte kompetanse og bygg, samt møte behov i arbeidslivet og bidra til auka gjennomføring. Prosjektet vert evaluert ved neste rullering. Liknande prosjekt kan vere aktuelt andre plassar i fylket, men fylkestinget meiner det må kome etter lokale initiativ. Nr. 11 (Matfylket) Fylkestinget ynskjer å byggje opp “Matfylket Vestland” som ei tydeleg merkevare i tett samarbeid med aktørarar innan fagfeltet. God rekruttering til restaurant- og matfag er avgjerande for å nå dette målet. Som eit ledd i denne strategien vidarefører fylkestinget restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule, inntil vidare som den såkalla “Måløymodellen”. Nr. 12 (vurdering) Fylkestinget ber administrasjonen om å vurdere behovet for å opprette utdanningsprogramma IT og medieproduksjon, VG1, og Informasjonsteknologi, VG2, ved ein av dei vidaregåande skulane i Sogn eller Sunnfjord, som følgje av at dette tilbodet vert lagt ned ved Måløy vidaregåande skule. Nr. 13 (omgjering ved landsline) Fylkestinget gir Stryn vidaregåande skule høve til å vere fleksibel og omgjere enkelte elevplassar på landslinja for skiskyting til ordinært studieførebuande utdanningsprogram dersom søkjartala til skiskyting er låge. Nr. 14 (inntak, landsline) Fylkestinget ber fylkesdirektøren gå i dialog med utdanningsdepartementet for å få til at inntaket ti llandslinjer vert samkøyrt med private tilbod. For Vestland gjeld det særleg smedlinja ved Odda vgs. Dette er eit raudlista tradisjonshandverk som det er viktig å sikre. Det er viktig å få samordna inntaket for denne linja med private skular som har same tilbod. Ei samkøyring av inntaket vil gjere det meir føreseieleg for elevar som søkjer til Vg2 smed LAL. Og det kan stimulere til auka elevtal ved linja. (Fylkestinget ønsker å styrke smedfaget og ber om at fylkesdirektør går i dialog med Odda Vidaregåande skule, vertskommunen Ullensvang, Odda Smedforening, Norsk Smedforening, Norsk Håndverksinstitutt, Riksantikvaren og departementet slik at dei vert involvert i arbeidet med å sikre dette. Fylkestinget ber om ei eiga sak om dette innan 1. kvartal 2025. ) Nr. 15 (Plasstal vg3 naturbruk studieførebuande ved Voss vgs) Fylkestinget tek innspelet frå Voss vidaregåande om plasstal på vg3 naturbruk studieførebuande til vitende. Skulen er ikkje bygd for klassar på 30 elevar, ein auke i plasstalet er difor ikkje mogleg utan byggmessige endringar. På grunn av investeringsbyrden for fylkeskommunen og gode søkjartal til det einaste vg3 naturbruk studieførebuande-tilbodet i Vestland ynskjer fylkestinget å vidareføre plasstale på vg3 naturbruk ved Voss vgs. Skulle elevgrunnlaget endre seg meiner fylkestinget det er naturleg å ta ei ny vurdering i neste rullering. Nr. 16 (Økonomisk vurdering) Fylkesdirektøren legg fram ei oversikt over økonomiske konsekvensar av dei forslaga som er fremja fram mot fylkesutvalet. Nr. 17 (Felles prosjekt Måløy vgs og Fagskulen) Utvalet ber om at ein belyser konsekvensar for felles byggeprosjekt for fagskulen og Måløy VGS.

Voteringer

  1. Alternativt framlegg til vedtak frå FrPFalt

    Alternativforslag fra Stig Atle Abrahamsen (FrP)

    Forslagsteksten

    Alternativt framlegg til vedtak frå FrP; 1. Tilbodsstruktur Innstillinga pkt. 1 frå Fylkesutvalet 19.09.24 med følgjande endringar; - Fusa VGS - YSK RM (Restaurant- og matfag) vert vidareført – øvrige endringar på RM, kokk og servitør går ut - Austevoll VGS – vg 1 HS vert vidareført (gitt tilstrekkeleg søkjarmasse) 2. Investeringsprosjekt Byggjeprosjekt vert planlagt med følgjande prioritering (sjå vedlegg for komplett tabell) Kostnadsreduksjonar Administrasjonen v/Eigedomsavdelinga får i oppgåve å greia ut kostnadsreduserande tiltak som kan ta ned kapitalkostnane; • Gjennomgå eigedommane til dei videregåande skulene i Vestland og selja eigedommar som ikkje vert nytta i skulane si kjerneverksemd t.d. teigar, tomteareal, naust, jaktrettar osv. • Byggetrinn 2 på Stord VGS vert realisert utan areal knytt til studietilboda V/Fitjar VGS • Vurdere potensialet for reduserte kostnader til grunnarbeid ved nye Sotra VGS i samband med Sotrasambandet Utgreiing Fylkestinget ber administrasjonen leggja fram ei utgreiing for optimalisering av areal og lokalisering med omsyn til gjenbruk, økonomi og funksjonalitet for skulane i Bergen og Bjørnafjorden. Fylkestinget ynskjer ei rask avklaring av konsept for LBM vgs/ny yrkesfagleg skule i Bergen, herunder bygg til Fagskulen. I tillegg må fysisk samlokalisering av Os gymnas/Os vgs vurderast. Prioritering og framdrift Alle investeringsprosjekta i tabellen over skal vurderast forløpande i Budsjett/Økonomiplan når dei er klar for realisering (ein skal ikkje avventa rullering av Tilbodsstrukturen om 4 år). 3. Verbalframlegg 3a. Fylkestinget ber administrasjonen leggje fram ei sak der ein vurdere moglegheitene for å opprette ei Vg2 Sgogbruk-linje ved Voss vidaregåande skule. 3b. Finansieringsmodellen for dei vidaregåande skulane vert endra til ein modell basert på finansiering pr elev. 3c. Elevtal i klassane skal vera dynamisk etter behov, søkjartal og økonomi, og ikkje fastlåst til dagens 15 og 30 elevar i klassane. 3d. Inntaksmodellen til dei vidaregåande skulane vert endra til fritt skuleval i heile Vestland. 3e. Fylkestinget viser til tidlegare vedtak for byggjeprosjekt ved Måløy vgs./Fagskulen Vestland og legg til grunn at ein følgjer opphavleg investeringsplan.

    8 for · 55 mot

    • FrP 8 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • PP 1 mot
    • R 2 mot
    • Uavh. 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  2. Heilheitleg alternativforslagFalt

    Alternativforslag fra Elias Roko Eide (H)

    Forslagsteksten

    Alternativforslag frå Høgre 1. Hovudutval for opplæring og kompetanse vedtek fylkesdirektøren sitt framlegg 3, men med følgjande endringar: Fitjar vgs består med dagens tilbod, med unntak av FBIE, vg1 Kvam vgs: Tilby vg2 helsefagarbeidar og vg2 BUA for ein klasseressurs: +15 elevplassar Odda vgs: +10 plassar landslinje Smed. Austrheim vgs: +15 plassar vg1 BA, +15 plassar vg2 Anleggsteknikk/Tømrar for ein klasseressurs, +60 elevplassar studiespesialisering vg2 og vg3, +15 elevplassar køyretøy vg2. Årdal vgs: +30 plassar påbygg, +60 plassar studiespesialisering vg2 og vg3 Sogndal vgs: -30 plassar påbygg. Dale vgs: +15 plassar vg1 BA, +7 plassar vg2 Helsearbeiderfag, +28 plassar påbygg. Førde: +30 plassar IT- og medieproduksjon, +7 plassar kjemiprosess vg2 Eid vgs: -60 plassar studiespesialisering vg2 og vg3 Firda vgs: -90 plassar HS og PB, +60 plassar studiespesialisering vg2 og vg3, +30 plassar drama Måløy vgs: +15 plassar vg1 og vg2 RM (Måløymodellen), +60 plassar studiespesialisering, +15 plassar køyretøy vg2. YSK endring tilbake til industriteknologi. -30 plassar IT- og medieproduksjon. Stryn vgs: -60 plassar studiespesialisering vg2 og vg3, +10 plassar Landslinje skiskyting, -15 plassar vg2 køyretøy. Olsvikåsen vgs: +90 plassar KDA Årstad vgs: -90 plassar KDA 2. Investeringsplanen vert vedteke, men tilpassa det nye forslaget. Adm kjem tilbake med sak i budsjettet. 3. Innfasinga vert vedteke, men tilpassa det nye forslaget. 4. Planen skal rullerast kvart år i dei årlege tilbodssakene.

    15 for · 48 mot

    • H 15 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • PP 1 mot
    • R 2 mot
    • Uavh. 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 8 mot
    • A 12 mot
  3. Innstillinga punkt 1Falt

    40 for · 23 mot

    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • FrP 8 mot
    • H 15 mot
  4. Tilleggsforslag - mindre justeringar av vedtakspunkt 1Falt

    Tilleggsforslag fra Jon Olav Økland (Bergenslisten, R, MDG, Sp, KrF, A, SV, Uavh., V, INP)

    Forslagsteksten

    Fylkestinget vedtar framlegget til tilbodstrukturen med følgjande endringar i tabellen for vedtakspunkt 1: Kvam vgs. * "Gjere om to halve klasseressursar i Vg2 transport og logistikk til ein heil klasseressurs" til "Tilby Vg2 transport og logistikk og Vg2 industriteknologi for ein klasseressurs" Knarvik vgs. * Endre årstal for tiltaket "ta vekk 3 klasser med studieførebuande (Vg1, Vg2 og Vg3)" frå 2025-2027 til 2027-2029. Kvinherad vgs. * Endre "Redusere ein klasse ST" frå 2029 til "Redusere ein klasse ST per trinn" frå 2029-2031

    40 for · 23 mot

    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • FrP 8 mot
    • H 15 mot
  5. Innstillinga punkt 2 unnateke verbalpunkt 2Falt

    40 for · 23 mot

    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • FrP 8 mot
    • H 15 mot
  6. Innstillinga punkt 2, verbalpunkt 2Falt

    2 for · 61 mot

    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • PP 1 mot
    • SV 2 for / 3 mot
    • R 2 mot
    • Uavh. 2 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 8 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  7. Erstatning for verbalpunkt 2 i innstillingaFalt

    Alternativforslag fra Espen Edvardsen (Bergenslisten, R, MDG, Sp, KrF, A, SV, Uavh., V, INP)

    Forslagsteksten

    Nytt verbalpunkt 2 (bygg) Fylkestinget ser stort potensiale i korleis fylkeskommunen kan bidra til områdeløft ved å spele på lag med kommunane der vi har vidaregåande skular. Fylkestinget ber om at fylkeskommunen aktivt går i dialog med kommunane i alle sine planar om nybygg og rehabilitering. Ved alle prosjekt skal ein ha ein oversikt over klimaeffekt av dei ulike alternativa. Følgjande byggeprosjekt skal utgreiast så snart som råd: *Nytt bygg på Årstad vgs primært til vidaregåande opplæring, på tomta til dagens C-bygg *Oppgradering av verkstadbygga ved noverande Os vgs. og vurdere alternativ for samlokalisering av nye Os vgs. Fylkestinget ber fylkesdirektøren innan utgangen av 2025 legge fram ei grundig utgreiing på optimalisering av areal og lokaliseringar av Laksevåg og Bergen Maritime vgs. og Fagskulen Vestland sin aktivitet i Bergen, med omsyn til gjenbruk, økonomi og funksjonalitet. Utgreiinga skal ta utgangspunkt i vedteken tilbodsstruktur og skal følgjeleg ikkje flytte fagmiljø frå andre skular i Stor-Bergen. Fagskulestyret samt leiing og dei tilsette ved Laksevåg og Bergen Maritime vgs skal verte involverte i prosessen. Følgjande andre mogelege byggeprosjekt skal også vere utgreia og vurdert innan utgangen av 2026: *utviding av Fyllingsdalen vgs. *ulike alternativ for samla bygg for Knarvik vgs. *ulike alternativ for Austrheim vgs. Investering i ein samlokalisert Stord vgs. (byggetrinn 2) skal vurderast innan neste rullering. Fylkestinget viser til tidlegare vedtak for byggjeprosjekt ved Måløy vgs./Fagskulen Vestland og legg til grunn at ein følgjer opphavleg investeringsplan.

    40 for · 23 mot

    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • FrP 8 mot
    • H 15 mot

Andre behandlinger

  • 19. sep. 2024 Fylkesutvalet: Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025-2035
  • 16. sep. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025-2035
  • 28. aug. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Heilskapleg plan for tilbodsstruktur for dei vidaregåande skulane 2025-2035

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.