Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Tilbod i oppfølgingstenesta i Vestland fylkeskommune

PS 103/24 · Fylkestinget 30. september 2024 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

1. Ungdom som får oppfølging i oppfølgingstenesta skal som hovudregel få tilbod nær der dei bur, men tilbodet må tilpassast mangfaldet i målgruppa til oppfølgingstenesta. Tiltaka skal førebyggje fråfall og tilbakeføre ungdom til opplæring og arbeid. 2. Fylkesdirektøren skal legge til rette for overføring av erfaringar frå produksjonsskulen og SEFF Florø som del av kunnskapsgrunnlaget som kan nyttast for å utvikle gode tiltak i oppfølgingstenesta i Vestland. 3. I statsbudsjettet for 2024 legg Kunnskapsdepartmentet opp til at fylkeskommunane mellom anna kan bruke statlege fullføringsmidlar til produksjonsskular. Produksjonsskulen i Hardanger vert difor vidareført og fullfinansiert gjennom statlege fullføringsmidlar i tråd med handlingsplanen for fornye og forbetre. 4. Produksjonsskulen avdeling Hyssingen vil vere eit viktig OT-tilbod for ungdom i Bergensområdet. Hyssingen produksjonsskule blir vidareutvikla for å gi tilbod til ungdom som har behov for tiltak av kortare varigheit for raskare å kome tilbake til opplæring eller arbeid. 5. Fylkestinget ber om ei sak som tek for seg heile verksemda til OT, mellom anna korleis ein vil følgje opp ny opplæringslov og fullføringsreforma. Saka skal ta føre seg korleis flest mogleg kan få oppfølging, og med mål om at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring og kjem seg i arbeid.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    63 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 19. sep. 2024 Fylkesutvalet: Tilbod i oppfølgingstenesta i Vestland fylkeskommune
  • 28. aug. 2024 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Tilbod i oppfølgingstenesta i Vestland fylkeskommune

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.