Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Vestland fylke har flest narkotikautløyste dødsfall

PS 95/24 · Fylkestinget 18. juni 2024 · Behandlet

Voteringer

  1. Vestland fylke har flest narkotikautløyste dødsfallVedtatt

    Forslag fra Rita Tonning (R, KrF, Uavh.)

    Forslagsteksten

    Vestland fylke har flest narkotikautløyste dødsfall Det handlar om liv og død! 30.mai 2024 publiserte folkehelseinstituttet (FHI) ein artikkel om narkotikautløyste dødsfall. I 2023 var Vestland og Rogaland fylka med dei høgaste ratene for narkotikautløyste dødsfall, i Vestland var det 58 slike dødsfall. Årsakene til dødsfalla er samansette og det har vore sett inn ei rekke tiltak i forbindelse med den nasjonale overdosestrategien som vart lansert i 2014. Dei siste ti åra har det vore ein auke i slike dødsfall. I eit folkehelseperspektiv er det viktig å satse på førebygging av psykisk uhelse på alle nivå . Det vil vere å utjamne sosiale helseforskjellar, tenke “helse i alt vi gjere”, berekraftig utvikling, trygge og gode miljø, livskvalitet og meistring, førevar-prinsippet og medverknad. Rus og psykiatri heng i saman, og vi må verne om fagfellesskapa som jobbar for å sjå heile mennesket. I eit forebyggingsperspektiv og i eit behandlingsperspektiv er det heilt sentralt å ha kunnskap om ulike nye rusmiddel som er på markedet. Det er også særleg behov for at helseforetaka tek ansvar og prioriterer rusbehandling. I statsbudsjettet for 2024 er det sett av meir midlar til styrking av psykisk helse og rus, det er sett av meir midlar til folkehelse og livsmeistring og det er sett av pengar til auka momskompensasjon for frivillege organisasjonar. Det er positivt at det er eit auka fokus på førebygging. Eit samla fylkesting i Vestland sa i desember 2023 at vi er bekymra for den pasientgruppa som har rus- og rus/psykiatri-diagnosar. Folkehelse er eit samfunnsansvar vi tar på alvor i Vestland, og vi oppmodar regjeringa nok ein gong om å sikre at spesialisthelsetenesta innan rus og psykiatri ikkje blir skadelidande på grunn av ulike omstillingar. Vestland fylkesting ber stortinget om auka løyvingar til førebyggande tiltak. Vestland fylkesting oppmodar stortinget om å auka løyvingar til rusbehandling. Fråsegna blir sendt til helseminister Vestre, regjering og storting samt styret i Helse Vest. Opprettet: 18.06.2024, 00:30, Oppdatert: 6 timer siden av Rita Tonning ∙ På vegne av:

    63 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.