Brexit-utfordringar for elevar og studentar må løysast
Voteringer
- Brexit-utfordringar for elevar og studentar må løysast!Vedtatt
Alternativforslag fra Alexander Fosse Andersen (Sp)
Forslagsteksten
Brexit-utfordringar for elevar og studentar må løysast! Vestland fylkeskommune har hatt samarbeid innan opplæringsfeltet med the County Council of the City and County of Cardiff i mange år. Dei fyrste elevane frå tidlegare Hordaland som gjennomførte eit utvekslingsår i Wales reiste hausten 1996. Vg2 i Cardiff har vore modell for dei samarbeidsavtalane som fylkeskommunen har utvikla med andre samarbeidsregionar seinare. Elevar som har gjennomført eit år i utlandet har fått unike høve til å lære språk og viktig kulturkunnskap i tillegg til skulefaga dei har teke. Kompetansen dei sit att med har vore og er viktig for det regionale arbeidslivet. Vestland fylkesting meiner det er viktig at utvekslinga med Wales held fram og vert tilgjengeleg for fleire. Brexit har ført til nye reglar på mange område, òg på utdanningsfeltet frå 1. januar 2021. Desse har gitt utfordringar for utveksling mellom Storbritannia og Noreg. For å kunne ta imot elevar på mellom anna vidaregåande nivå, må dei britiske skulane no ha lisens for å ta imot utanlandske elevar (licensed student sponsor). Status i dag er at det er berre privatskular som kan søkje om lisens og ta imot utanlandske elevar. Dette har ført til at berre ein av samarbeidsskulane til Vestland fylkeskommune i Wales, Cardiff and Vale College, kan ta imot våre elevar. Offentlege skular kan dermed ikkje ta imot elevar frå Vestland. Elevar frå Vestland og Noreg må søkje om studentvisum, ein søknadsprosessen som er svært omfattande, og må gjennomføre ein språktekst. Med tanke på at engelsk er eit fag i grunnutdanninga i Noreg alt frå 1. klasse oppfattar fylkestinget ein slik språktest som fordyrande og unødvendig. Elevane må i tillegg kjøpe ei ekstra helseforsikring. I alle år har tilbodet i Cardiff vore ope for elevar frå heile fylket som har fullført Vg1 innan studiespesialisering uavhengig av økonomien til dei føresette. Dei nye reglane som Brexit har ført med seg, har gjort det vanskelegare og dyrare for norske elevar å få innreise og gjennomføre eit år på vidaregåande skule i Storbritannia. Elevar/føresette må dekke ein større del av utgiftene enn tidlegare. Fylkestinget i Vestland er sterkt uroa over at konsekvensen av dette vil vere at færre får høve til dra på utveksling til Wales og at dette vert ei utvekslingsordning for dei med god økonomi. Vestland fylkesting ber difor styresmaktene i Wales, Storbritannia og Noreg finne ei ordning som sikrar vidare utveksling mellom to land med sterke historiske band og at utvekslinga vert tilgjengeleg for fleire. Fråsegna vert sendt til: Kunnskapsdepartementet Department of Education The County Council of the City and County of Cardiff
63 for · 0 mot · enstemmig
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.