Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Vestland fylkeskommune sin medverknad til tidlegfasefond i Vestland

PS 106/24 · Fylkestinget 30. september 2024 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

1.Vestland fylkeskommune ser det som viktig at oppstartsbedrifter i heile Vestland har god tilgang på tidlegfasekapital. 2.Vestland fylkeskommune meiner at fleire lokalt forankra tidlegfasefond i Vestland er ein eigna måte å gi oppstartsbedrifter tilgang på tidlegfasekapital. 3.Vestland fylkeskommune kan medverke til lokale tidlegfasefond der marknaden aleine ikkje kan tilby tidlegfasefond. Medverknad skal skje i trå med gjeldande eigarstrategi og andre styringsdokument for fylkeskommunen. 4.Vestland fylkeskommune løyver kr 1 800 000 til utvikling av tidlegfasefond etter søknad frå Tidligfasekapital Vestland Mngmt AS. Løyvinga vert finansiert frå disposisjonsfond NPI - Utviklingsmidlar kr 1 400 000, og 400 000 kr frå disposisjonsfondet «NPI – Korona – ekstern støtte». Det blir tatt atterhald om at løyvinga kan bli gjort i tråd med statstøtteregelverket 5.Eventuell investering i tidlegfasefond vert å kome attende til i samband med budsjett 2025 og økonomiplan. Fylkestinget set som vilkår at Vestland fylkeskommune sin kapital ikkje utgjer meir enn halvparten av fondet. Fylkestinget tek atterhald om at aksjonæravtalen er i samsvar med styrande dokument for Vestland fylkeskommune og reglementet for folkevalde organ og delegering. Fylkestinget ønskjer at Vestland fylkeskommune skal vere representert i fondet sitt styre.

Voteringer

  1. Innstillinga punkt 1-2Vedtatt

    64 for · 0 mot · enstemmig

  2. Innstillinga punkt 3-5Vedtatt

    55 for · 9 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 2 for
    • R 2 for
    • Uavh. 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 mot
    • FrP 8 mot

Andre behandlinger

  • 19. sep. 2024 Fylkesutvalet: Vestland fylkeskommune sin medverknad til tidlegfasefond i Vestland
  • 27. aug. 2024 Hovudutval for næring: Vestland fylkeskommune sin medverknad til tidlegfasefond i Vestland

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.